Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

1. og 2. kandidaten på SV si stortingsvalliste på Todalsbesøk

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 22. juni 2021

Måndag ettermiddag var 1. kandidat, Birgit Oline Kjerstad og 2. kandidat, Kim Thoresen-Vestre, på Møre og Romsdal SV si stortingsvalsliste, på Todalsbesøk. Inger Johanne Iversen og Karina Kalvik var med frå lokalpartiet i Surnadal. Tidlegare på dagen hadde Kjerstad og Thoresen-Vestre vore både på Talgø MøreTre i Surnadal og på Statkraft sitt anlegg på Harangen i Øvre Surnadal på besøk. 

Da vi slo av ein prat med dei fire, var dei innom på Matkroken Todalen, for å få kjøpt noko å ete. 

Dei tre viktigaste sakene for Møre og Romsdal SV framføre haustens stortingsval er: 

  1. Styrking av offentleg sektor gjennom å auke dei økonomiske rammene til fylkeskommunane og kommunane. Dette er viktig for å oppretthalde innbyggarane si velferd, etter mange år med underfinansiering av både fylka og kommunane. 
  2. Kutte klimautsleppa gjennom å bygge nye næringar basert på eit berekraftig klimaskifte. Det er viktig at alle som i dag arbeider i oljerelatert industri har ein jobb å gå til .Vi må flytte kompetansen i oljenæringa over i og meir berekraftige næringar.
  3. Utjamning av forskjellane mellom «fattig» og «rik». SV ønskjer å redusere talet på personar som lever under fattigdomsgrensa i Norge gjennom eit meir inkluderande arbeidsliv men mindre bruk av bemanningsbyrå og reversering av Usosiale kutt som regjeringa har gjennomført.SV vil og gjere SFO gratis for alle born og ta tannhelse inn i folketrygda for at alle skal ha råd til tannlegebehandling. Tennene bør vere ein del av kroppen. Alle skal ha råd til eit smil. I tillegg vil SVredusere uønska deltid og der SV meiner dette bør bli forbode. 

– Møre og Romsdal SV er opptekne av ein desentralisert sjukehusstruktur med eit godt fødetilbod i heile Møre og Romsdal, seier Kjerstad

– Møre og Romsdal SV vil arbeide for rimelige ferjer som går ofte, og trygge kvardagsvegar for alle, framfor å bygge nye motorvegar. Vi er for Todalsfjordprosjektet, men meiner Møreaksen er eit alt for dyrt og miljømessig dårleg prosjekt, som ikkje bør bli bygd, seier Thoresen-Vestre.

Vi kan legge til at Thoresen-Vestre òg sit i Samferdselsutvalet i Møre og Romsdal fylke og difor har god kjennskap til Todalsfjordprosjektet, eit prosjekt han meiner er særs viktig både for regionen på Indre Nordmøre, men òg for heile fylket sett under eitt. 

Møre og Romsdal SV er opptekne av miljøet. Dette inneber at dei meiner at det må takast mykje sterkare grep for å nå dei vedtekne klimamåla, som Norge har forplikta seg til gjennom internasjonale avtalar. Med dagens klimapolitikk når ein aldri desse måla. 

– Møre og Romsdal SV vil gje bøndene ei inntektsutvikling, som er på linje med resten av samfunnet. Vi vil tette «inntektsgapet» mellom bønder og andre innan fire år.. Vi vil arbeide for å redusere produksjonstaket frå 900 til 450 tonn kumjølk 200 tonn geitemjølk pr bruk, for å  bremse sentraliseringa av produksjonen og halde alle areal i drift. Vi må styrke tollvernet og stimulere til at landbruket endrar produksjonen sin frå overproduksjon av somme produkt, til heller å produsere varer det i dag er mangel på. Vi må bli meir sjølvhjelpte i matproduksjonen, enn det vi er i dag. For SV er det viktig å ha busetting og landbruk over heile landet,og produsere mat på norske arealressursar, avsluttar Kjerstad.  

SV håper å få inn ein representant på stortinget frå Møre og Romsdal etter valet i haust. 

Publisert: 22. juni 2021, 13:49