Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Lokaloppgjer på Bordholmen i går kveld

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 22. juni 2021

I går kveld var det lokaloppgjer mellom Søya/Todalen J10 og Surnadal J10. Sjølv om vêrgudane ikkje varta opp med godvêr, så fekk vi sjå ein fotballkamp med mykje godt spel og mange mål. 

God kjemping og godt spel av båe lag. Foto: B G Ansnes

Første omgang starta med eit lite spelemessig overtak til heimelaget. Utover i omgangen jamna spelet seg litt ut. Båe laga produserte fleire store målsjansar, men heimelaget var meir effektive framfor mål enn bortelaget, og hadde ved halvtid skaffa seg ei leiing i målprotokollen.

Etter pausen tok heimelaget meir og meir over banespelet, men bortelaget var farleg frampå fleire gonger, og greidde ved nokra anledningar å overliste heimelaget sitt forsvar. Båe laga kjempa godt og det var mykje bra spel med direktepasningar og godt plasseringsspel. 

Farleg corner til Søya/Todalen. Foto: B G Ansnes

Da dommaren bles av kampen, viste målprotokollen at heimelaget hadde score fleire mål enn bortelaget, og kunne sleppe jubelen laus. 

Det var mykje folk som hadde teke turen for å sjå kampen, og sjølv om vêret var litt vått og kaldt, så såg det ut til at folk kosa seg med god fotball og litt godsaker frå kiosken!

Takk for kampen! Foto: B G Ansnes

 

Først publisert: 22. juni 2021, 05:00 - Sist oppdatert: 21. juni 2021, 21:04