Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 1913 artiklar i dette arkivet.


Årsmøte i Nordvik Båtforening

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 28. juni 2021

Onsdag 16.juni var det årsmøte i Nordvik Båtforening i Nordvik forsamlingshus. I tillegg til dei vanlege årsmøtesakene, var det ei orientering om planene for ny småbåthamn, som er planlagt nedanfor hyttefeltet på Øygarden.  Styret i båtforeninga pressenterte dei foreløpige planene og framdriftsplana for den nye småbåthamna. Årsmøtet gav si fulle tilslutning til planene og fremdriftsplana […]


Sykkeltrim onsdag 30.juni

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 27. juni 2021

Onsdag 30.juni arrangerer Trimgruppa i Todalen Idrettslag sesongens andre sykkeltrim. Start frå Bordholmen stadion klokka 18:00. Ruta denne gongen går frå Bordholmen og utover til Ansneset, med retur til Bordholmen. 


Todalsdagen 2021 sett frå lufta

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 26. juni 2021

Vi har vore så heldige å fått tilgang til nokre bilete frå Todalsdagen 2021, sett gjennom augene til ei drone. Bileta kan du sjå nedanfor!                


Endeleg Todals-Cup i fotball igjen!

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 26. juni 2021

I fjor vart alle fotballcupar avlyst på grunn av koronasituasjonen og smitteverntiltak i samband med epidemien. Så gleda var stor da Todalen Idrettslag fekk klarsignal for å gjennomføre Todals-Cupen i fotball under Todalsdagen, som vart arrangert i dag, sjølv om det innebar kort tid til førebuingar og invitasjonar. 


Trekningsliste – Sommarlotteriet

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 26. juni 2021

Klokka 14:00 i dag var det trekning i Todalen Idrettslag sitt Sommarlotteri. Totalt vart det selt 1383 lodd, som gav ei total inntekt på kroner 27.660,- frå lotteriet, noko idrettslaget er strålande nøgd med! Todalen Idrettslag nyttar høvet til å takke alle som har kjøpt lodd i årets Sommarlotteri, og alle sine samarbeidspartnarar som har gjeve gevinstar til Sommarlotteriet, Tusen takk!


Parkering under Todalsdagen

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 25. juni 2021

Todalen Idrettslag oppfordrar alle todalingar til å ikkje køyre bil til Todalsdagen, med mindre dette er naudsynt. Alle som kjem med bil til Todalsdagen må følgje instruksjonane frå parkeringsvaktene. Det er parkeringsplassar nedanfor Talgø og på nabotomta til Bordholmen stadion. Det er parkeringsvakter på båe plassane, og det SKAL IKKJE parkerast på andre stadar enn der det er tilrettelagt for parkering. 


Innspurt i Sommarlotteriet

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 25. juni 2021

Todalen Idrettslag sitt Sommarlotteri, som har trekning laurdag 26.juni klokka 14:00 under Todalsdagen, er i innspurten med tanke på førehandssal av lodd. Det vil bli selt lodd på Matkroken Todalen i dag frå klokka 15:00 – 17:30 og under Todalsdagen i morgon frå kokka 11:30 – 13:30.


Program Todalsdagen 2021

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 24. juni 2021

Laurdag 26.juni er det duka for den 29. Todalsdagen. Det er med stor glede Todalen Idrettslag i år igjen kan inviterer til Todalsdag med fotballcup, «Litj Ræta» og «Ræta Opp»! I fjor var det ikkje mogleg å arrangere fotballcup under Todalsdagen på grunn av smittevernrestriksjonar, men i år er fotballcupen altså tilbake. Responsen for påmelding har vore god, sjølv om fristen for påmelding var kort.


St. Hansfeiring med loddtrekning på Nordvik

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 24. juni 2021

Nordvik Grendalag har hatt Sommarlotteri. Lotteriet hadde trekning under St. Hans-feiringa i går kveld. St. Hans-feiringa på Nordvik var i år lagt til Røs-Slettneset og samla knapt 50 personar, sjølv om vêret var litt grått og vått.  


Midtsommarsuksess ved Båthølen

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 23. juni 2021

I kveld feira Trimgruppa og Økonomigruppa i Todalen Idrettslag St. Hans med grilling, kaffe og kaker ved gapahuken ved Båthølen. Sjølv om det vart bitte litt regn da arrangementet tok til, så var det vel 70 personar som kom for å vere med på midtsommarfeiringa, noko arrangørane seier seg storfornøgd med!


Digitalt koronasertifikat

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 23. juni 2021

Ved å logge inn på helsenorge.no får du tilgang til det digitale koronasertifikatet ditt. Det digitale koronasertifikatet oppdaterer seg automatisk, og gjeld til ei kvar tid i 90 dagar. Du kan laste ned det digitale koronasertifikatet til mobiltelefonen eller nettbrettet ditt. Det er ikkje nødvendig med utskrift av sertifikatet dersom du har dette digitalt.


Fjellgruppa – skafin tur til Svarrafjellet!

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 23. juni 2021

I går var Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag på tur til Svarrafjellet. Vêrgudane var på Fjellgruppa si side og varta opp med fint turvêr med sol og ein svak kjølande vind, slik at varmen ikkje vart for intens på turen. Det var 21 deltakarar på turen til Svarrafjellet.