Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Midtsommarsuksess ved Båthølen

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 23. juni 2021

I kveld feira Trimgruppa og Økonomigruppa i Todalen Idrettslag St. Hans med grilling, kaffe og kaker ved gapahuken ved Båthølen. Sjølv om det vart bitte litt regn da arrangementet tok til, så var det vel 70 personar som kom for å vere med på midtsommarfeiringa, noko arrangørane seier seg storfornøgd med!

Mykje folk på midtsommarfeiring. Foto: B G Ansnes

Arrangørane hadde fyrt opp den transportable grillen, slik at dei hadde med seg grillmat, kunne grille den. Det var og henta ekstra bord med benkar, som var plassert rundt om, slik at folk kunne sitje å nyte grillmaten og kaffe og kaker etterpå.  

Jenny Stensby og Oda Halle, frå Økonomis- og markedsgruppa, hadde rigga seg til med loddbøkene og selgde førehandslodd til Sommarlotteriet, som har trekning under Todalsdagen på laurdag. 

Oda Halle nytta høvet til å selje nokre førehandslodd i Sommarlotteriet. Foto: B G Ansnes

Etter grillinga vart det servert gratis kaffe og kaker til alle saman.  

Folk storkosa seg med kaffe og kaker. Foto: B G Ansnes

Trimgruppa hadde teke fram att «skotthyllene», som har ligge utbrukt i litt over tjue år, slik at folk kunne teste «gamle» kunster, medan andre fekk prøve det for aller første gong. Det var eit populært innslag, så her såg vi kanskje starten på ein ny «gullalder» for skotthyllene?

John Moe og Kristian H. Gjeldnes testa ut «gamle» kunster med skotthyllene! Foto: B G Ansnes

Nokre frå den yngre garde, saman med to vaksne, hadde laga bål ved elvebredda, som vart påtent da arrangementet tok til. Sjølv om vêret på måndagskvelden da bålet vart laga var av det fuktige slaget, så brann bålet godt!

Sjølv om årests St. Hansbål ikkje var det største, så brann det godt! Foto: Elinor Bolme

Sjølv om vêrgudane ikkje viste seg frå si beste side, så vart det ei triveleg midtsommarmarkering! 

 

Først publisert: 23. juni 2021, 19:57 - Sist oppdatert: 24. juni 2021, 07:01