Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sykkeltrim onsdag 30.juni

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 27. juni 2021

Onsdag 30.juni arrangerer Trimgruppa i Todalen Idrettslag sesongens andre sykkeltrim. Start frå Bordholmen stadion klokka 18:00. Ruta denne gongen går frå Bordholmen og utover til Ansneset, med retur til Bordholmen. 

Det vil vere open kiosk der dei sel bakels med graut og andre godsaker!

InterSport Olaf Moen kjem

Jo Kvande Hansen, frå InterSport Olaf Moen AS, vil vere tilstades og og gje råd om dagleg vedlikehald av syklar. Han tek og med seg nokre demosyklar for å vise fram utvalet dei har av syklar. Her blir det både vanlege syklar og elsyklar. 

Trimgruppa ønskjer alle velkomne på sykkeltrim, eller berre ta ein tur for å kose seg med kaffe og bakels!

Publisert: 27. juni 2021, 10:43