Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fjellgruppa – skafin tur til Svarrafjellet!

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 23. juni 2021

I går var Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag på tur til Svarrafjellet. Vêrgudane var på Fjellgruppa si side og varta opp med fint turvêr med sol og ein svak kjølande vind, slik at varmen ikkje vart for intens på turen. Det var 21 deltakarar på turen til Svarrafjellet.

Første stopp! Foto: Anne V. Einum

Kjell Aukrust skriev ein gong at: «Vårherre tok den største høyriva og raka bort skydottane på himmelen». – I dag gjentok han røyinga, slik at ein halvsur morgon skein opp og viste oss kor fint det er når det skin sol, fortel Kristian Ranes.

Utsyn mot bøgda. Foto: Anne V. Einum

– Attåt var det ein liten auståvindkjøl som heldt temperaturen aldeles måtsam. Svarrafjellia er bratt, men alle kom opp i fin stil. På toppen vagla vi oss på solsida og naut både utsyn og mat og drikke, fortsett han. 

Vante fjellvandrarar. Foto: Anne V. Einum

– På nedtur svinga vi innom Ranessetra. Der brann det på utepeisen – Sverre Ranes hadde gjort opp eld og koka kaffe. Det hasta ikkje å komme seg ned att!, avsluttar Kristian. 

Klyv til topps. Foto: Anne V. Einum

Neste tysdag skal Fjellgruppa prøve seg på Raufjellet i Resdalen. Fjellgruppa oppfordrar difor alle til å bli Med. 

Takk til Kristian Ranes og Anne V. Einum for informasjon og bilete frå gårsdagens tur. 

Fleire bilete frå turen kan du sjå under: 

Først publisert: 23. juni 2021, 04:00 - Sist oppdatert: 22. juni 2021, 23:01