Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Inviterer til Todals-Cup i fotball 26.juni

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 19. juni 2021

Med bakgrunn i dei smittevernreglane som vart kunngjort i går, har Todalen Idrettslag bestemt seg for å invitere til Todals-Cup i aldersbestemt fotball, laurdag 26.juni frå klokka 10:00 og utover dagen. Det er aldersgruppa 6 – 10 år som blir invitert, og alle lag i kommunane: Sunndal, Tingvoll, Heim, Rindal og Surnadal blir invitert. – Vi er litt seint ute, men vi har avventa dei nye smittevernreglane, seier leiar i Todals-Cupen, Ola Dalsegg. – Vi håper likevel at det er interesse for cupen og at laga melder seg på, avsluttar han. 

Det blir spela 3-er fotball for aldersgruppa 6-7 år, medan 8-10-åringane spelar 5-er fotball. Alle kampane blir spela på naturgras. Gjeldande smittevernreglar vil sjølvsagt bli følgde!

Påmelding skjer til: dalseggoh@gmail.com 

Ola Dalsegg kan òg kontaktast på telefon 416 20 694, for meir informasjon og påmelding.

Påmeldingsfrist er sett til onsdag 23.juni klokka 18:00.

Todalen Idrettslag ønskjer alle velkomne til ein triveleg fotballdag!

Publisert: 19. juni 2021, 10:52