Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

St. Hans feiring i Båthølen

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 21. juni 2021

Onsdag 23.juni klokka 18:00 inviterer Trimgruppa og Økonomi- og markedsgruppa i Todalen Idrettslag alle til St. Hans feiring ved gapahuken i Båthølen. Idrettslaget ordnar med grillar, men mat og drikke må ein ta med sjølv. Idrettslaget spanderer òg kaffe og kaker etter grillinga. 

Det vil òg bli høve til å prøve både kubb og skotthyll.

Vêrmeldinga for kvelden er ser heller ikkje så verst ut. 

Trimgruppa og Økonomi- og markedsavdelinga ønkjer alle velkomne til St. Hansfeiring i Båthølen. 

Publisert: 21. juni 2021, 06:38