Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fotballkamp på Bordholmen måndag

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 20. juni 2021

Måndag 21.juni klokka 18:00 er det klart for nok eit lokaloppgjer i fotball på Bordholmen stadion. Da spelar Søya/Todalen sitt J10 lag mot Surnadal J10. Det blir sjølvsagt open kiosk med graut og bakels. 

Søya/Todalen sitt J10 lag, har så langt hatt ein god sesong med mykje godt spel og mange scoringar. Det er difor verdt å ta ein tur i morgon og få sjå laget «live»! 

Som sagt så er det og open kiosk med sal av graut og bakels og mange andre godbitar! 

Todalen Idrettslag ønskjer alle velkomne!

Publisert: 20. juni 2021, 16:13