Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Lia Gard – siste gardsutsal før ferien på fredag

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 20. juni 2021

Fredag 25.juni mellom klokka 13:00 – 17:00 held Lia Gard ope gardsutsal, før dei tek ein kort ferie. Denne gongen kan dei, i tillegg til dei vanlege godsakene, i tillegg freista med ein nyvinning, nemleg rabarbraterte, laga av rabarbra frå eigen hage. 

Denne gongen kan Lia Gard freista med:

  • Ferske skulebollar
  • Ferske grovbrød
  • Ferske ostelandgangar
  • Ferske smultringar (20 pk.)
  • Frosne siksessterter (18 cm.)
  • Smurte tjukklefser (frosne)
  • Fersk rabarbraterte (lita form)

Lia Gard oppfordrar til å førehandsbestille skulebollar, grovbrød og pavlovabunnar, på telefon 415 71 278. Bestillingsfrist er onsdag 23.juni kl:18:00 

Lia Gard ønskjer alle velkomne på siste gardsutsal før ferien!

Publisert: 20. juni 2021, 21:13