Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ukategorisert Arkiv

Vi fann 3680 artiklar i dette arkivet.


Feil svar gir i år 1. premie…

Elinor Bolme Tysdag 29. mars 2016

Årets påskekrim er over og vi har fått inn fleire gode forslag på løysing. Desverre var det ingen som var like djerv som frøken Bladfyk og klarte å finne løysinga som var sjølvaste ordførar Lilly Gunn Nyheim. Fleire hevda til og med at Lebrekk Bladfyk hadde teke feil!


Sesongkickoff med Micke

Elinor Bolme Tysdag 29. mars 2016

Onsdag 30. mars kl 18.30 er det klart for årets sesongkickoff for Idrettslaget Søya. Da inviterer fotballgruppa alle fotballvenner (spelarar, lagledarar, trenarar, foreldre) i Søya til eit spennande arrangement på Surnadal ungdomsskole.

Her blir det høgtidelig presentasjon av alle spelarane (med ein liten overraskelse til alle), lagledarar og trenarar.


Snøen fikk bein å gå på……

Jon Olav Ørsal Måndag 28. mars 2016

Dei siste dagane har det på det næraste vore sommartemperatur. Jon Bruset rapporterer 16 varmegrader på det meste heime på Småhjellan. Det er mykje til å være mars månad, men det er slett ikkje den varmaste marstemperaturen som er målt i Brusetmarka. Bla vidare så får du sjå dokumentasjonen…




Svanefjorden – eller pøblar med polsfot, del 4

Guro Redalen Laurdag 26. mars 2016

Éi svanesak hadde ikkje Bladfyk fått med seg tidlegare. Med stor interesse las ho at Kårvatn fjellutstyr no hadde inngått ein eksklusiv avtale med den tidlegare svenske skilauparen Gunde Svan. Samarbeidet skulle knytast til ein eigen randonee-kolleksjon med velklingande namnet Rainj du ne.


Svanefjorden – eller pøblar med polsfot, del 3

Guro Redalen Fredag 25. mars 2016

Sjølv smørefrie ski kjentes bakglatte opp lia i år. Nullføre, fantom fellesig, gaddklabb og fanden si oldemor. God påskestemning med andre ord. Irritasjonen steig i takt med stavtak og fiskebein. Bladfyk tenkjer at skamma ved å snu er lik føret, altså manglande.



Godt lokalt – satsar på lokal nisjemat

Jon Olav Ørsal Onsdag 23. mars 2016

Lokalprodusert mat grip om seg og blir stadis meir populært, men utfordringa for lokale produsentar av mat og næringsmidler er distribusjonen. Mange har for liten produksjon til at dei kan kome seg inn på dei tre store matvaredistributørane som dominerer marknaden i Norge, men samtidig er det for kostbart å bygge opp eit eige salsnett. Onsdag […]



Stand på Hals

Elinor Bolme Tysdag 22. mars 2016

I morgon blir det todalen.no-stand på Matkroken. Her blir det anledning til å kjøpe seg handdukar, termosar og andre småartiklar. I tillegg blir det også salg av personlege medlemskap for dei som ønsker å støtte opp om nettsida.


Påskevandring i Stangvik

Bernt I Bøe Sundag 20. mars 2016

Gudstenesta i Stangvik kyrkje palmesøndag kveld blir ei vandring gjennom påskebodskapen i tekster, songar og symbol. Stangvik Jentekor har ein viktig rolle – med song og pantomime. Langfredagsdramaet i Bibelen blir framført som veksellesing av «Jesu Sju Ord på Korset» knytt opp til salmen «Naglet til et kors på jorden». Etter pantomime-tolking av oppstoda påskedag munnar […]