Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Snøen fikk bein å gå på……

Jon Olav Ørsal Måndag 28. mars 2016
Dei siste dagane har det på det næraste vore sommartemperatur. Jon Bruset rapporterer 16 varmegrader på det meste heime på Småhjellan.  Det er mykje til å være mars månad, men det er slett ikkje den varmaste marstemperaturen som er målt i Brusetmarka. Bla vidare så får du sjå dokumentasjonen…
 
Både 1990 med 16,4 grader og 1995 med 16,2 varmegrader er «betre» noteringar enn årets beste som altså kom på 16,0.  Jon har faktisk dokumentert dette med bilete utover bygda – eit som vart teke i går og eit som er teke i dag.  Her kan du sjå at snøen bokstaveleg talt har fått «bein å gå på»!  Bildet nedafor vart teke 1. påskedag.  Foto: Jon Bruset
Slik var snøsituasjonen i går - legg merke til forskjellen. Den varme fønvinden har tært skikkeleg på snøen.  foto: Jon Bruset
 
Publisert: 28. mars 2016, 22:00