Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Godt lokalt – satsar på lokal nisjemat

Jon Olav Ørsal Onsdag 23. mars 2016

Lokalprodusert mat grip om seg og blir stadis meir populært, men utfordringa for lokale produsentar av mat og næringsmidler er distribusjonen. Mange har for liten produksjon til at dei kan kome seg inn på dei tre store matvaredistributørane som dominerer marknaden i Norge, men samtidig er det for kostbart å bygge opp eit eige salsnett. Onsdag hadde Matkroken besøk av Godt Norsk, som fylte opp hyllene på Matkroken Todalen med varer frå lokale produsentar.

GodtLokalt_7733

Godt Lokalt distribuerer over heile landet. Lokalt er det Per Olav Bredesen som forsyner butikkane med lokale varer. Foto: Jon Olav Ørsal

Godt Lokalt er ei kjededanning som driv over heile landet, men har lokale forgreiningar, mellom anna i Surnadal. Her er det Per Olav Bredesen og Steinar Fjærli som sørger for distribusjon i eit distrikt som består av Sør Trøndelag (Hitra, Frøya, Hemne, Orkdal og Oppdal), samt Nordmøre og Romsdal.  I sin kolleksjon ahr dei matvarer frå Snekvik på Enge, Norsk Kvalitetsmat i Surnadal og Børset Bakeri i Rindal for å nemne nokre av dei lokale. Surnadalsfirmaet heiter Spesialgrossisten Møre og Romsdal AS, og er altså ein av medlemane i Godt Lokalt.

Lokalmat_7735

Snekvikmorr, Snekvikpølse og sursilt frå Gjendemsjø var blant godbitane som hamne på vogna til Matkroken. Foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 23. mars 2016, 14:20