Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ukategorisert Arkiv

Vi fann 3580 artiklar i dette arkivet.


Ustabile fjellmassar i Skarfjellet

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 15. juli 2025

Beredskapskoordinator i Sunndal kommune møtte i dag personell fra fjellskredseksjonen til NVE i Nerdalen. NVE har i dag sett opp ein radar ved parkeringsplass i Nerdalen. Denne radaren måler bevegelsar med millimeterpresisjon. Radaren vil stå til over sommaren, eller til eit eventuelt skred går.


Manntalet lagt ut til gjennomsyn frå måndag 14. juli

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 14. juli 2025

Måndag 8. september er det stortings- og sametingsval. For å kunne stemme ved haustens stortings- og sametingsval må ein stå i manntalet eller samemanntalet. Alle kommunar i Norge er pålagt å gjere manntalet offentleg tilgjengeleg.  


ReMidt sin tømmekaleder for juli og august lagt ut

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 13. juli 2025

Da har vi, litt forsenka, lagt inn ReMidt sin tømmekalender for glass- og metallavfall, restavfall, papir og papp, plast- og matavfall, for juli og august 2025 inn i aktivitetskalenderen vår her på Todalen.no. Tømmekalender for september og oktober 2025 blir lagt ut i måadsskiftet august/september. 


Inviterer til Sommarpub

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 6. juli 2025

Laurdag 12. juli klokka 18:00 inviterer Stangvik Grendalag til Sommarpub i Stangvikbryå. Det er 18 års aldersgrense, og grendalaget har alle rettigheiter. Shuffleboardet og dartskiva står klare til bruk. 


Vil styrke vidaregåande skule og yrkesfaga

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 1. juli 2025

Ved middagstider tysdag, var førstekandidat Per Vidar Kjølmoen og tredjekandidat Berit Tønnesen for Møre og Romsdal Arbeiderparti til haustens stortingsval på besøk i Surnadal, der dei også hadde lagt opp til eit lite pressetreff. 


Brukarutvalet for Surnadal sjukeheim

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 30. juni 2025

Surnadal kommunestyre gjorde i sitt møte 30. november 2017 vedtak om å opprette Brukarutval for Surnadal sjukeheim. Det tok litt tid før utvalet etablerte seg, men no har dei vore i fullt virke i fleire år. – Det er viktig for oss i Brukerutvalget at folk vet om oss, og bruker oss, seier leiar i utvalet, Mona Rita Rønning.


Aktiv sommar i Svinviks arboret

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 30. juni 2025

Komande onsdag, den 2. juli og neste onsdag, den 9. jule er det dobbel omvisning i Svinviks arboret. Da blir det omvisning både klokka 12:00 og klokka 18:00. Klokka 12:00 er det ordinær omvisning med arboretet si historie, oppbygning og innhald. Den går som vandring gjennom anlegget sine hovuddeler og tek rundt ein times. Oppmøte nedanfor kaféområdet og er gratis for alle som har betalt inngangsbillett.


Badevatnet i Todalen friskmeldt

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 28. juni 2025

Miljøretta helsevern presenterte fredag nye prøvesvar for badevasskvaliteten i Surnadal kommune. 


Karen Johanne og Kjell Gunnar på Road-trip til Rindal

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 28. juni 2025

I fjor var Kjell Gunnar og Karen Johanne på tur nedover Vestlandet. I år vart det ein litt meir kortreist tur i heimlege trakter, og det vart ein dagstur. Men uansett, reisebrev har vi fått, og det kan ein lese nedanfor. 


Stavgangarane til Kavlvegen

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 27. juni 2025

Torsdag inviterte Stavganggruppa i Pensjonistforbundet Surnadal til vårsesongens siste stavgangtur, og det var Kavlvegen på Eidet som var turmålet denne gongen. 


Forslag til effektivisering og moglegheiter lagt ut på høyring

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 27. juni 2025

Surnadal kommunestyre vedtok i sitt møte 26. juni i sak 40/25 å legge ut forslag til effektivisering og moglegheiter for innsparingar i oppvekstsektoren til offentleg høyring. Høyringsfristen er sett til 15. september. Nedanfor kan ein lese kva kommunen seier om høyringsprosessen. 


Fjellgruppa tok turen til Karihaugen

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 25. juni 2025

Tysdag tok Fjellgruppa i Pensjonistforbundet Surnadal ferga over Stangvikfjorden til nabokommunen Sunndal og til Ålvundeidet. – Vi parkerte bilane ved Leikvoll stadion, kryssa vegen i fotgjengarundergangen og følgde grusvegar og lysløypa til vi kom til ein sti som gjekk opp gjennom granskogen, fortel Lars Gudmund Røen i Fjellgruppa.