Godt fjorårsresultat for Svorka
I ei pressemelding no på tidleg ettermiddag frå Svorka, får vi vite at også 2024 var eit godt år for Svorka økonomisk sett. Dei tre siste åra har Svorka delt ut eit utbytte på rundt 42 millionar til sine eigarar. Svorka opplevde i 2024 stor vekst, både i talet på kundar og geografisk utstrekning, og nærmar seg tjuetusen kundar.