Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ukategorisert Arkiv

Vi fann 3247 artiklar i dette arkivet.


Irish Greensome laurdag 20. juli

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 10. juli 2024

Laurdag 20. juli klokka 11:00 inviterer Surnadal Golfklubb til parturneringa NordHus Irish Greensome på Surnadal golfpark på Mo. Dette er aller første gong Surnadal Golfklubb arrangerer turnering etter spelforma Irish Greensome.


Kanskje over 400 år gammelt – no blir det som nytt?

Jon Olav Ørsal Onsdag 10. juli 2024

«E må sei e gler meg på at vi får pussa opp og sett i stand det gamle stabburet, slik at vi kan ta det i bruk igjen». Ingrid Rangnes Talgø fortel at det er ein mannsalder sia dei starta planlegginga med tanke på renovering av det gamle stabburet i Andersstua.  Stabburet kan faktisk være rundt 400 år, og det var eit skrikande behov for renovering, og vi har kvidd oss lenge – både på kostnaden og på prosessen, seier ho


Minner om bandtvang for hund

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 10. juli 2024

Både Surnadal kommune og Politiet i Surnadal minner om bandtvang for hund, som i Surnadal kommune gjeld i perioden 1. april – til og med 31. oktober. 


Ingen endring for laksefisket i Toåa i denne omgangen

Jon Olav Ørsal Tysdag 9. juli 2024

Direktoratet for naturforvaltning har no gjort ei vurdering av aktuelle tiltak for laksefisket i elvane.  Av dei 33 elvane som vart steng for alt fiske så vil 16 elvar kunne gjenopne for eit begrensa fiske, dei øvrig 17 elvane vil framleis være stengt.  Lokalt gjelder det  Surna og Eira som altså fortsatt må halde stengt. 


Gratis ferieaktivitetar for barn og unge i august

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 9. juli 2024

Surnadal kommune har mange gratistilbod for barn og unge også i august, nærare bestemt i veke 33 (12. – 18. august). Påmeldingsfristen for desse aktivitetane er torsdag 18. juli klokka 15:00!



Farleg å bevege seg inn på fabrikkområdet på Talgø

Jon Olav Ørsal Måndag 8. juli 2024

Michal Heimlund, som er dageleg leiar ved Talgø Bygg AS, minner om at det kan være forbundet med stor fare å bevege seg inn på industriområdet attafor fabrikken på Kvendset. -Vi har eit stort ansvar for å handtere strenge HMS-reglar både inne i fabrikken og utafor på den utandørs lagerplassen.  Derfor er adkomstvegen steng med ein bom, og skiltinga skal ikkje være til å misforstå: «Industriområde: uvedkommende ingen adgang».


Full gass for motocross i Ranheimsvingen

Jon Olav Ørsal Sundag 7. juli 2024

I helga har det vore full gass på motocrossbanen i Ranheimsvingen på Kvanne.  Polaris Nordmøre Motorsport har samla 18 deltakarar i alderen 11 – 40 år til treninsgssamling. Til instruktør hadde dei hyra inn Niclas Løken frå Bud – ein skikkeleg racer i motocrossmiljøet, som hadde mykje å lære frå seg. Deltakarar frå heile Midt-Noreg – frå Namsos i nord og heilt til Vigra på søre luten.


Flyttar frå Kristiansand til Færøyane

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 6. juli 2024

I ei pressemelding frå IK Start i Kristiansand, blir vi informert om at fotballspelaren Fabian Ø. Ness, sonen til Leif Arne Ness, går frå IK Start i Kristiansandog til B36 Tórshavn på Færøyane. Dette etter at IK Start og B36 Tórshavn har kome til semje om ein overgang for Fabian.


Todalslaksen – avklaring i neste veke

Jon Olav Ørsal Laurdag 6. juli 2024

Det har vore mykje dramatikk i etterkant av stenginga av 33 norske lakseelvar den siste tida.  Toåa har ikkje vore omfatta av stenginga, men det har derimot Surna og Søya her i nærområdet.  Den siste tida har det vore lakseteljing i elvane – i Toåa har det vore to i eigen regi av stamlaksgjengen og ei i regi av Skandinavisk  Naturforvaltning  (på oppdrag frå Lerøy).  Fredag ettermiddag deltaok Stig Husby på timesmøte saman med Direktoratet for Naturforvaltning, NINA, Statsforvaltaren I M&R og Norske Lakseelver. 


Skriv bok om Jûrgen Klopp

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 6. juli 2024

Ragnhild Lund Ansnes, som er gift med surnadalingen Jostein Ansnes, og som saman med han driv hotell TIA, rett ved Anfield Road i Liverpool og reisebyrået Liverpool Adventures, er no i Surnadal. Der er ho i full gang med å skrive bok om Liverpool FC sin nyleg avgåtte manager, Jürgen Klopp. 


Inviterer til sommarpub på Bryå

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 5. juli 2024

Laurdag 13. juli frå klokka 18:00 inviterer Stangvik Grendalag til sommarpub i Bryå i Bondehuset i Stangvik. Grendalaget har bestilt sol, slik at drikken kan nytast i solveggen på den nye uteservering ved Bondehuset. Her er det flott utsikt utover Stangvikfjorden.