Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ukategorisert Arkiv

Vi fann 3106 artiklar i dette arkivet.


Stangvik Historielag minner om årsmøtet sitt torsdag

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 26. februar 2024

Styret i Stangvik Historielag kallar inn til årsmøte i Myrvang forsamlingshus torsdag 29. februar klokka 19:00. Etter at årsmøtesakene er behandla, blir det servert mat og kaffe. Svein Sæter vil også kome for å presentere boka «Amerikabrev», boka med brev frå/til «gullkongen» Fredrik Bruseth og søskene hans. 


Minner om årsmøte måndag 26. februar

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 24. februar 2024

Styret i Surnadal Pensjonistlag minner om årsmøtet sitt måndag 26. februar klokka 12:00 i lokala til Surnadal frivilligsentral i Møbel-Fiske bygget på Skei. Vanlege årsmøtesaker. 


«Kaffekrokens venner» viser stor treningsglede

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 23. februar 2024

For nokre veker siden starta «kaffekrokens venner» opp med trim på Hett & Svett, under kyndig leiing av Kjell Gunnar Polden. Dei første vekene var det trim på onsdagar, men frå og med denne veka har dei dobla mengda, så no er det trim måndagar og fredagar frå klokka 10:00 – 11:00. 


Surnadal kommune – tilskottsordningar, stipend og kulturpris

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 22. februar 2024

Surnadal kommune har no lyst fleire typar tilskot dei deler ut kvart år. I første omgang er det tildelingar frå Kleivafondet, «Henning-stipendet» og prosjekttilskott som er lyst ut for å kunne søke på. Kommune ber også om forslag til kandidatar til årets Kleivapris, som er Surnadal kommune sin kulturpris, og som blir delt ut under Kleivakvelden under Vårsøghelga. Frist for å søke på tilskottsordningane og lansere kandidatar til Kleivaprisen er 15. mars.  


Fjellkveld i Stangvik fredag

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 21. februar 2024

Fredag 23. februar klokka 19:00 inviterer Stangvik Grendalag til fjellkveld med Svein i Bryå i Bondhuset i stangvik. Stangvikforfattaren Svein Sæter har skrive og redigert fleire bøker om det gode livet i fjellet.


Vil du ha sommarjobb i Svinviks arboret i sommar?

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 20. februar 2024

Nordmørsmusea lyser no ut årets sommarjobbar. Som kjent er Svinviks arboret ein del av Nordmørsmusea, og dei har behov for folk til kafeen, omvising og anna forefallande arbeid. 


Surnadal Golfklubb – fullstendig sakliste til årsmøtet er klar

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 20. februar 2024

Styret i Surnadal Golfklubb kallar medlemmane sine inn til klubben sitt ordinære årsmøte tysdag 27. februar klokka 19:00 i møterommet/kantina til Alti forvaltning i Surnadal.  På saklista står mellom anna årsrekneskap, årsmelding og val av styre. 


Vinterferieutsal hos Lia gard

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 19. februar 2024

Denne veka har skulane vinterverie, så fredag 23. februar, mellom klokka 12:00 – 17:00,  inviterer Lia gard til vinterferieutsal i bakeriutsalet sitt i Lia. Så da blir det mogleg å få kjøpt noko godt for å markere slutten på vinterferien! For å feire vinterens ombygging i fjøset, er det tilbod på tynnlefser og grovbrød. 


Gratiskino, Gentleman og Gullspång

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 16. februar 2024

Stor variasjon i kinotilbodet på Surnadal kino den neste store veka. Frå den siste gentleman til eit mirakel i Gullspång – og med eit gratis filmtilbod for barn og ungdom i vinterferien. Seniorfilmklubben viser Robert Redfords farvel med kinolerretet onsdag 21. februar klokka 12:00, og tittelen er svært passande, nemleg Den siste gentlemannen frå 2018.


Inviterer til «felles middag»

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 16. februar 2024

Kyrkja i Surnadal inviterer til «Felles middag» på kyrkjelydshuset onsdag 21. februar klokka 16:00. Store og små i alle aldrar er da velkomne til kyrkjelydshuset på Skei, der det blir servert middag med påfølgande ettermiddagskaffe/te.


Har du mista telefonen din?

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 15. februar 2024

Det er funnen ein Iphone mobiltelefon på sjøisen i dag. Det er tydeleg at det er ein Liverpool-fan som er eigaren, og at Mohamed Salah er favorittspelaren, men kven eigaren er, ja, det er uvisst. 


Kvanne – Røkkum: Normal drift frå 15:20

Jon Olav Ørsal Torsdag 15. februar 2024

Rute 1061 Kvanne – Rykkjem:  Tåka skaper problem på Stangvikfjorden i dag. – Grunnet dårlig sikt innstilles sambandet inntil videre, melder Fjord1 til Todalen.no. Frår kl 15:20 er det imidlertid normal drift igjen.