Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Svanefjorden – eller pøblar med polsfot, del 4

Guro Redalen Laurdag 26. mars 2016

Éi svanesak hadde ikkje Bladfyk  fått med seg tidlegare. Med stor interesse las ho at Kårvatn fjellutstyr no hadde inngått ein eksklusiv avtale med den tidlegare svenske skilauparen Gunde Svan. Samarbeidet skulle knytast til ein eigen randonee-kolleksjon med velklingande namnet Rainj du ne. Det var bilete av butikkstyrar Kvendset Bergli som stilte i ei snasen skidrakt. I tillegg til det beste av aerodynamiske tekstilar var løyndomen bak kolleksjonen eit ekstra lag med svanedun … Reporter StikkUt! hadde spurt om det ikkje kunne skape kløe og eksem, men dette kunne butikkstyraren roe ned med at ikkje var tilfelle. Ho pensla så kjapt over på at Kårvatn fjellutstyr no og fekk ny logo i høve lanseringa. Og heilt riktig. I logoen hadde det sneke seg inn ein svane, ikkje ulikt den som gav folket lengre ned i bygda til kløe. Vent no litt … var det ikkje akkurat der på barflekken det hadde vore eit skirenn tidlegare på vinteren? Ho hadde lagt merke til at fleire av Brusetslekta hadde høg huvføring som arrangør, og Kårvatn fjellutstyr var sterkt innblanda. Var randonee-løpet eigentleg ein forkledd dugnad for å renne fram eit reklameskilt? Bladfyk fekk det travelt. Ho måtte ut i felten igjen, og det medan spora var ferske.

 

kaarvatn_del4

 

Ved Brusetkrysset vart ho blenda av ein bil på veg ned frå Todalshytta. Type kvit. Merke ukjent. Det var bilen frå ferja! Bladfyk måtte nesten legge seg i grøfta for at bilen skulle få plass. Sjåføren hadde store solbriller sjølv i mørkret og stakk så vidt opp over rattet. Passasjeren var … Ordførar Nyheim? Og var det ikkje tidlegare hotelldirektør/ferjebillettør/ordførar Brøske som smilte med ei svele i baksete? Ok. Følgje etter bilen eller fortsette til Kårvatn? Eller dra opp på Fillipen for å sjekke om det var noko av interesse der? Ho valte det siste.

 

Turisthytta låg aude, og lite tyda på at det hadde vore aktivitet der tidlegare den dagen. Bladfyk gjekk rundt hytta. Den var låst. Ho myste inn vindauget. Jøss, interiøret var heilt endra. Tømmerveggane var måla i svart og gull, og Krogenæs-møblemanget hadde fått nye trekk. Det såg ut som eit type stoff som før hadde kunne knurra. Dette likna på noko ho hadde sett før. ”dette var ein litt anna quality …” mumla ho. Bladfyk rakk ikkje tenkje meir på det. Nokon var på veg mot hytta, og verka å vere i same ærend som ho. Personen sjekka dørene, men alle var låst. Bladfyk kjente hjartet hamre hardt. Ho hadde ingen gode grunnar til å vere der akkurat no. Handleliste-trikset frå Hals fungerte dårleg i dette høve. Personen plystra muntert, var det ein pols? Bladfyk trødde litt forsiktig med passe svikt i den nedarva polsfoten. Og om ho ikkje tok heilt feil så var det Storpolsdansen etter Hallvard Ørsal. Telefonen til den andre ringte. Ho freista å høyre kva som vart sagt, noko om at det verka ok til møtet … at dei hadde klart å halde det skjult … og … nei det var ikkje råd å høyre noko meir.

 

todalshytta_del4

 

Polsplystaren hadde gått. Og igjen var ho åleine på bygdabakkom. Ho såg utover dalen. Tenkte på svanefloken. På Kvennaferjå. På skisko og fjellsko. På madrassar og vassenger. På Dagens bilete og turistfeller. Men mest på Hønhalsen som i år ikkje skulle sløkke bade-sorga.

Les dei tidlegare episodane her:http://todalen.no/svanefjorden-eller-poblar-med-polsfot-del-1/

Svanefjorden – eller pøblar med polsfot, del 1

Svanefjorden – eller pøblar med polsfot, del 2

Svanefjorden – eller pøblar med polsfot, del 3

Først publisert: 26. mars 2016, 07:00 - Sist oppdatert: 17. mars 2016, 22:53