Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Svanefjorden – eller pøblar med polsfot, del 2

Guro Redalen Torsdag 24. mars 2016

Like naturleg som bakels og græt, kjøtt å påsse og ananas på pizza, var det å svinge innom Halsbua for ei oppdatering. Frk. Bladfyk hadde til og med laga handleliste som ho skulle lese ivrig på medan ho lata som samtalane mellom reolane var heilt likegyldig for Bladfyk sine øyre. Nei, årets påskekrimløysar 2015 var berre på ferie og heva knapt på ei vengefjør over denne svana som pryda fjellsida. Som alltid tok det si tid med handelen. Kaffekroken koka nesten over, og det gjekk rykte om at NRK Møre og Romsdal skulle sette opp kamera retta mot barflekken, betre kjent som Svaninj (for Svanå var jo som kjent noko heilt anna). Ein fekk berre håpe på at det vart litt meir spenning enn live-overføringane frå Mannen i Romsdalen … Mann ja, éin mangla frå det vanlege nyheitsoppdateringsbiletet på bua, kvar var Handelsmann Nordvik? Eit blikk på fjesboka stadfesta aktivitet på Hett&svett, bodybyggarlaget i bygda hadde lagt inn ei ekstra påskeøkt. Svært så ivrig dei var då på å bli enno raskare, (meir) høgrøsta og sterkare. Kanskje ho burde ta seg ein tur bortom?

 

bodybyggarlag_del2

 

Utanfor det tidlegare Posthuset og BP-stasjon (”the station of the stars”) sto bilane til Overredaktør Ørsal, Snekkar Kvendset og Fjesbokvarslar Moe. I tillegg kunne Bladfyk skimte Handelsmann Nordvik i lokalet som levde opp til namnet sitt. Det var visst kaffe&karbo-pause i treninga, og Bladfyk la øyret heilt inntil murveggen i håp om høyre kva dei snakka om. Det var litt vanskeleg å høyre gjennom musikken, men noko om at no kunne Gjøvik berre grave seg ned … ja at dei kunne segla vidare på Mjøsa … før praten gjekk over kva grunnstilling som skåna ryggen best ved snømoking. Det vart stille, var dei ferdige? Ganske riktig, treningsgjengen var på veg ut døra. Frk. Bladfyk fekk det travelt med å sjå på handlelappen og mumla ” nei, e he vesst alt” og helsa så tilsynelatande overraska på den breiskuldra gjengen som av ein eller anna grunn hadde lagt seg til eit ganglag med å dra litt på venstre fot.
Handelsmann Nordvik var som vanleg i fint driv og hadde ikkje tid til noko lengre passiar. Han starta opp Støvbrettet og i det han passerte dei andre igjen, stakk han ut ein katalog frå Nordvik møbelimport til Bladfyk. ”Kjølesveregreiå! Ta e suverent, ber enn i by´n. Ikkje nå tenkje på, bærre å legg inn bestilling. Prima varå sekunda ikke!” Før ho fekk sagt noko var det berre støvbrettskya igjen. På katalogen stod det ”Nytt i 2016: Svanemadrasser” Bladfyk putta katalogen i veska. For no var skituren i dette decennium på programmet. Svaninj skulle under lupa, og det kom ikkje til å bli plankekøyring for den dårlegaste plogaren frå Prærien.

 

Les del 1 her Svanefjorden- eller pøblar med polsfot

 

Først publisert: 24. mars 2016, 07:00 - Sist oppdatert: 17. mars 2016, 22:22