Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Svanefjorden – eller pøblar med polsfot, del 1

Guro Redalen Onsdag 23. mars 2016

Det er stille i hovudstaden. Gatene, skitne av strøsand og slagg, kveilar seg rundt sentrum utan straumen av folk det plar vere på denne tida. Berre på eitt kontor knatra det ivrig på eit tastatur. Frk. Bladfyk, kjent frå påskekrimmen 2015, hadde ikkje teke ferie. Telefonen frå overredaktør Ørsal om eit nytt vikariat i den alltid dagsaktuelle nettstaden todalen.no hadde latt vente på seg. Og ho, ja ho tenkjer som så at redaksjonen nok ikkje trudde at ho, sjølvaste krimløysaren, vil ta på seg eit nytt oppdrag i år. Nei, Lebrekk Bladfyk har nok andre ting fore enn å jakte gauper på idealtid … Dessutan hadde redaksjonen no blitt utvida med ein reporter som tydeleg hadde lett for å stikke ut på oppdrag, sjølv utanfor Kammen.

 

Sanninga var at Bladfyk gjerne kunne teke på seg oppdraget igjen.  Det hadde ikkje vore så mykje oppstuss og åtgaum for ho i etterkant av at tjuven av Kronhjort i måneskinn vart avslørt. Årets bilete-vinnar 2011, 2012 og 2014 hadde derimot slått seg opp med eigen blogg og nettkurset ”Dagens bilete – korleis bli ein vinnar” Ho hadde vore innom og lese om teorien FSS som ifølge han var treeininga for eit godt Dagens bilete. Forkortinga sto for: Fjell (helst Snøfjellet), Silhuett (dyr eller person) og Solnedgang (eventuelt soloppgang) utan at det hadde vore til hjelp for hennar bidrag i den høgthengande konkurransen. Dette kunne og overførast til ein sjølfi, helst med Kulihammaren i motsol.

FSS_del1

Uansett går turen dit fjorden går mot fjella inn i morgon.  Til staden kjent for vassenger, Vangsgutane, vasskvalitet og å vere vrang når storebror Stchjei freistar å endre på noko. Tanken på kaffi på kloppa og lyden av snøsmelting førte ho med lette tastetrykk til todalen.no. Men kva var dette? Hovudoppslaget var ”Hønå e´vekk!” Og sjølv dei utan trena fjellsyn kunne sjå at der det på vårparten vanlegvis smeltar fram ei høne med baderegulerande hals, var det no ein bar flekk som danna … ein svane??? Bilete synte fleire av bygdas beste observatørar som peika mot fjellsida.  Greitt nok sto Majoren fram på same nettstaden og peika ut det litt mindre kjente snøbiletet Svanå i 2015, men dette var noko heilt anna.

 

Reporter StikkUt! hadde tatt turen innom skulen. Her hadde ho fanga gråtande born som no var i villreie. For om Hønhashjn ikkje kunne gå av, ja då kunne det vel aldri bli meir bading? Dette var òg ei uro Bladfyk delte. For ho og andre som hadde flaksa ut av bygda orienterte seg enno etter den strenge første-bad-for-året-regelen. Nei, det var på tide å pakke kofferten og dra nordvest. Om ikkje redaksjonen ville ha hjelp, så kunne ho som den djerve, drevne detektiven ho var smyge seg rundt. Og det utan kalosjar og høg frakkekrageføring.

svane_del1

Først publisert: 23. mars 2016, 07:00 - Sist oppdatert: 17. mars 2016, 22:10