Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Svanefjorden – eller pøblar med polsfot, del 3

Guro Redalen Fredag 25. mars 2016

Sjølv smørefrie ski kjentes bakglatte opp lia i år. Nullføre, fantom fellesig, gaddklabb og fanden si oldemor. God påskestemning med andre ord. Irritasjonen steig i takt med stavtak og fiskebein. Bladfyk tenkjer at skamma ved å snu er lik føret, altså manglande. Å kome seg opp til svanen var ei oppgåve andre fekk ta seg av. Ho hadde stødige kikkertførarar i nær slekt, og tenkte å toppe etterforskarlaget med nye auge. Ho skulle berre få att pusten og skoda litt utover Todalsfjorden. Den kjente og kjære naturen. Skogen sin ro. Hm, var det eit ko-ko der i Ørsallia? Eller, kva i alle dagar var det som fossaseg inn fjorden? Kvennaferjå! Og det med stø kurs mot smoltanlegget. Ho måtte ned i dalen igjen, og det kjappare enn Swix!

 

Med både raud og gul gelé i beina sneik Bladfyk seg inn på kaiområdet. Det var ingen andre å sjå. Ferja var på veg til å legge i land og ein kunne skimte styrmann Andersstu på brua. Hadde han stukke av med ein av dei viktigaste trafikkårene på indre Nordmøre? Var dette årsaka til dei tekniske problema det siste året? Tankane forsvann når baugen gjekk opp. Berre éin bil om bord. Av type kvit. Merke ukjent. Den rulla av ferja og fortsette oppover bygda. Bladfyk tenkte seg om, følgje etter bilen eller gå om bord i ferja? Ho slapp å tenkje så lenge, for det eine alternativet var alt på veg ut frå kai. Styrmann Andersstu vinka blidt til ho på kaia, og såg akkurat passe uskuldig ut. Utan at det endra statusen som mistenkt i saka. Tvert imot.

 

ferje_del3

 

Klokka var no ”etter at sola har forsvunne frå Karihåle” så Bladfyk møtte mange bilar.  Mann med skjegg passerte også med tuting og vefting av type vingeslag. Noko ho, meisterdetektiven, møtte berre med eit nikk. Men bilen Bladfyk hadde sett på ferja var ikkje å sjå. Det var på tide å samle trådane og legge ein plan vidare for etterforskinga. Ete middag som det og kan kallast.

 

Ho sjekka todalen.no om det var noko nytt om Svaninj der. Men nei. Toppsaka no var at historielaget skulle syne arkivfilmen med polsdans frå Todalen på årsmøtet. Ein polsart som skil seg ut med å ha ”eit lett haltande preg utan hopp”.  Den heilt særeigne todalspolsfoten. Som gjer solsnu med ekstra svikt i kneet, og der ”smyg katt” er eit c-moment. Bladfyk fekk ein idé, og skreiv svane inn søkefeltet til arkivet på nettstaden. Fem treff. Husbyggar Gjeldnes og temperaturmålar Bruset sine bidrag til Dagens bilete. Møbelfabrikken Talgø kvalifiserer no til miljømerke Svanen. Og ikkje minst overredaktør Ørsal sin fotoreportasje frå Todalsøra for eit par veker sidan. Men det femte og siste treffet fanga interessa til snushøna på jakt etter fleire spor.

Svanefjorden – eller pøblar med polsfot del 1

Svanefjorden – eller pøblar med polsfot del 2

Først publisert: 25. mars 2016, 07:00 - Sist oppdatert: 17. mars 2016, 22:39