Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

LØYSING: Svanefjorden – eller pøblar med polsfot

Guro Redalen Måndag 28. mars 2016

Den kvite bilen svinga innom Hals Oil, og ordførar Nyheim strena over asfalten og inn i Kaffekroken. ” Kom fylg meg så skal eg sette dykk til å vera turistfiskarar” sa ho. Folk i kroken lo. Særleg. Særleg at dei i Todalen følgde etter når nokon frå Stjurndala ba dei om det. Og det å bruke orda frå altertavla i kyrkja, ja det var faktisk litt drøyt. Ordføraren prøvde igjen ”kaffelag på Todalshøttå!” Det var meir av interesse. Så heilt utafor sesong samla det seg eit skrommeltog av bilar på veg oppover bygda ettersom fleire hekta seg på etter kvart.  Alle var dei spente på kva dei i ledebilen hadde fortelje, men mest på om det vart nok kaffibrød til alle.

 

biltog_del6

 

”Kjære folk av denne bygd!” Hotelleigar Stordalen hadde teke ordet. Det var han Bladfyk hadde sett med solbriller! Og det kunne forklare endringane i interiøret … Peisetua på Fillippen var pakka av folk. ”Er de klare for å ha SPA ikke bare SAGMA!” Representantar frå skogsdrifta i bygda skula mistenkeleg på han, med armane godt plassert i kors. ”Sammen skal vi bygge ett overnattingssted med rot i fortiden og vinger for fremtiden” Det knaka i veggane på hytta. Der det før hadde henge nordmørsåkle og laks var det no spikra opp bøffel og løve. Ordførar Nyheim tok over, først no såg Bladfyk at ho hadde ei svanebrosje på seg, forma akkurat som flekken på fjellet. ”Ja, ta her bli så gøitt!” Så fortalte ho meir om planane. Om vengespennet som skulle gå frå kaia og opp til Todalshytta. Om ferja som etter todalsfjordsprosjektet skulle bli den nye Skibladner, Todalen si eiga kvite svane. Og kven var betre til å lede prosjektet enn han som både hadde erfaring frå vengespenn og fergjedrift? Todalshytta skulle altså bli SPA-hotell, og tidlegare hotelldirektør/ordførar/fergjebillettør Brøske skulle styre skuta. Ja, om det berre Todalsfjordprosjektet kunne lande no så …

 

Stordalen tok over igjen ” Jeg har alltid ønsket meg en egen dal. En dal jeg kan sette mitt eget preg på. Så hvorfor være nr to når ein kan vere STOR!” No sto ikkje verda til påskelaurdag … skulle Todalen bli til Stordalen? Han held fram ”eller for å si det på en annen måte, hvorfor være ei høne når man kan vere en SVANE!” Han gjorde ei dramatisk rørsle og ned over peisen rulla logoen til det nye Stordalen Svane & SPA hotell ned. Som Bladfyk hadde tenkt, det var dei som sto bak udåden med å smelte snøen for tidleg.

 

stordalen_del6

 

”Uaktuelt!” var det nokon som sa. Bodybyggarlaget hadde samla seg med Borgarmeister/Handelsmann Nordvik i spiss. Og ut bar det med både hotelleigarar, noverande og tidlegare ordførarar. Og Sandstad&Myrmo snøkanon sine representantar tok ordet. Dei lova ny snø på hønå slik at halsen kunne ”ga åv” i år og. Særleg hønhals-statestikkførarane og bygda sine badeglade jubla ekstra høgt.

 

Nok eit mysterium løyst. På veg ut dør på Todalshytta såg Bladfyk oppslaget om polskvelden til historielaget etter påske. ”Lokale dansarar opptrer.” sto det, og ho viste og kven det var …

Først publisert: 28. mars 2016, 13:00 - Sist oppdatert: 17. mars 2016, 23:11