Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Feil svar gir i år 1. premie…

Elinor Bolme Tysdag 29. mars 2016

Årets påskekrim er over og vi har fått inn fleire gode forslag på løysing. Desverre var det ingen som var like djerv som frøken Bladfyk og klarte å finne løysinga som var sjølvaste ordførar Lilly Gunn Nyheim. Fleire hevda til og med at Lebrekk Bladfyk hadde teke feil!

Juryen har difor valt ut to av dei beste feilforslaga til premiering:

1. plassen går til John Moe for følgjande løysing

Ingen av alternativa Lebrekk Bladfyk har lista opp er rett! Det er skannarpatrulja i Todalen historielag som står bak! Og her ser de beviset! 

IMG_0079

 

På 2. plass finn vi Anders Gjeldnes med dette forslaget:
Eg trur det er fleire av dei mistenkte som er innblanda her. Det er mykje avtalar innan handelsbransjen og det er nok tilfelle her og. Handelsmann Nordvik har tydelegvis hatt ein finger med i spelet, når det gjeld fornying av inventaret på todalshytta. Han avslørar samarbeid med kårvatn fjellutstyr og butikkstyrar Kvendset Bergli på at han seier «prima vare secunda ikke». Begge partar er tent med all reklame som kan dra kundar til bygda, og slik spelar begge på svaninj for alt det er verdt. Redaktør Ørsal er medlem i bodybyggarlaget så Nordvik passar nok på å få publisert flest mogleg svanerelaterte saker på Todalen.no gjennom han. Brusetslektningar med høg huvføring, samt årets bilete vinnar-2015 har som medlemmar av staben for årets norgescup i randonee sikkert vore vel ivrig med snøspaden oppi Blåfjellet, og forma svaninj. 
 
Hovedmistenkte er altså Handelsmann Nordvik og Bodybyggarlaget, og Butikkstyrar Kvendset Bergli, med litt arbeidshjelp frå Brusetslektningar med høg huvføring. 
Vi takkar for gode løysingsforslag og lover at høveleg premie vil bli ovverrekt. Vi takkar også nok ein gong Guro Redalen for tekst og illustrasjonar gjennom heile påskehelga! Vi seier nok ikkje nei takk til ein tredje runde om eit års tid!
Først publisert: 29. mars 2016, 10:00 - Sist oppdatert: 28. mars 2016, 20:07