Surnadal Sparebank opnar dørene att
Frå torsdag 21.januar opna Surnadal Sparebank dørene att ved hovudkontoret på Skei. Avdelingskontora i Trondheim og i Kristiansund vil framleis ha stengte dører. Dette melder banken på sine eigne heimesider.
Vi fann 3680 artiklar i dette arkivet.
Frå torsdag 21.januar opna Surnadal Sparebank dørene att ved hovudkontoret på Skei. Avdelingskontora i Trondheim og i Kristiansund vil framleis ha stengte dører. Dette melder banken på sine eigne heimesider.
I kveld var det «Barn i løypa» i lysløypa på Tjønnmyra. Gradestokken viste +2 grader, så ein kan trygt seie at det var ein mildvêrskveld i forhold til førre onsdag, da gradestokken viste -13 grader. Rett nok var det litt vind, så den verkelege temperaturen var nok litt lågare enn det gradestokken viste. Men det var kjempefine forhold i nypreparerte løyper og få, eller eigentleg ingen, utfordringar smøre-messig.
Neste veke (veke 4) startar Surnadal kommune så smått opp med koronavaksinering av dei som er over 85 år, og som bur heime. Det er ikkje nødvendig å kontakte kommunen for å få tilbod om vaksinering. Dei det gjeld blir kontakta på telefon innan tysdag 26.januar klokka 16:00.
I ei pressemelding frå kommunen no tidleg i ettermiddag, melder kommunen om endringar i enkelte smitteverntiltak. Endringane gjeld hovudsakleg undervisning, idrett og kulturaktivitetar for barn og unge, og gjeld frå og med onsdag 20.januar.
Fjord1 melder at det vil bli redusert kapasitet på avgangen frå Kvanne klokka 05:30 måndag 18.januar. Grunnen til dette er at ferga skal ha med ADR-transport på denne avgangen. Dette reduserer kapasiteten til maksimalt 12 personar. Så skal du ta ferga i morgon tidleg, kan det vere lurt å «styre unna» denne avgangen.
Det er Fjord1 som melder dette i ei melding til redaksjonen.
Vi har akkurat fått informasjon frå kommuneoverlegen om at enda ein gjestearbeiar har fått påvist Covid19-smitte. Seint i går kveld fekk kommuneoverlegen melding om at det var registrert nok eit smittetilfelle. Det er ingen samanheng mellom det nye tilfellet av importsmitte og dei vi fekk melding om i går.
Kommuneoverlegen i Surnadal kommune informerer tidleg laurdag kveld om totalt tre positive Covid19 testar. Det dreier seg om to nye påviste tilfelle og eitt tilfelle med framleis svakt positivt prøveresultat etter gjennomgått sjukdom.
«Felemakaren» til Edvard Hoem var gift med Gunnhild frå Jostua. No har historia om dei både kome i nytt opplag og blir omsett til dansk.
Lars Olsen Hoem er også litt kjent frå tidlegare Hoem-bøker, og spesielt frå «Heimlandet Barndom» (1985), der han kort går gjennom alt det eventyrlege Lars opplevde – i krig, fangenskap og som felemakar i Kristiansund for to hundre år sia.
2020 sin aller siste vinnar av månadens bilete ble Siv Halle sitt idylliske bilete Rimfrost ved Toåa. Ho og 11 andre skal nå med i ny kåring om å bli årets bilete for 2020. Vi legg ut kåringa ila helga. Har du knipsa noko bilete i det siste? Vi har stort behov for påfyll av bilete
Som kjent har alle ungdomsskular og vidaregåande skular, over heile landet sidan 4.januar, hatt «raudt» smittevernnivå. Dette gjer at klassar ved Surnadal vidaregåande skule har veksla på å ha heimeundervisning. I informasjon frå Surnadal barne- og ungdomskule får vi opplyst at dei òg innfører delvis heimeskule for 8. og 9.årstrinn frå og med onsdag 13.jaunuar og førebels til og med tysdag 19.jaunuar.
Godt inne i det nye året tek vi fatt på kåring av fjorårets siste måndens bilete. Det bilete som vinn denne gongen blir det siste bilete som blir med i kåringa om å bli årets bilete 2020. Stem på din favoritt fram til mandag kveld.
Laurdag kveld hadde fedrene utfordra ungane til ishockeykamp på Bordholmen. Kampen vart arrangert på ein kjempefin skeiseis på Bordholmen stadion, og kampen vart spela over to periodar. Kva som vart sluttresultatet er litt uklart, men ein kommentar frå ein av fedrene: «Dei gamle er best!», kan vel tyde på at fedrene vann! Ishockey er vanlegvis ein fysisk tøff sport der spelarane, rett som det er, ryk i tåtane på kvarandre og tek ein kamp på tørre nevane. Slike scener slapp vi i alle fall heldigvis å sjå i kveld.