Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Surnadal kommune – endringar av smitteverntiltaka for barn og unge

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 19. januar 2021

I ei pressemelding frå kommunen no tidleg i ettermiddag, melder kommunen om endringar i enkelte smitteverntiltak. Endringane gjeld hovudsakleg undervisning, idrett og kulturaktivitetar for barn og unge, og gjeld frå og med onsdag 20.januar. 

Oppvekst – Gult smittevernnivå

Både ungdomsskulen og vidaregåande går frå raudt til gult smittevernnivå. Dette inneber at elevane skal møte fysisk på skulane att.  

Kultur og fritid: Gult smittevernnivå

Dei nasjonale smitteverntiltaka prioriterer gjenopning av tilbod for barn og unge. Dette inneber mellom anna desse endringane frå og med onsdag:

  • Kulturskulen: Går frå raudt til gult smittevernnivå med normal undervisning inkludert gruppeundervsning. 
  • Kinoen: Opnar med barnefilm fredag og søndag kl. 18:00
  • Fritidsklubben: Har ope på torsdag, med påmelding (NB! Kohortinndeling på klassenivå)
  • Utstyrssentralen: Vil vere open på torsdag mellom klokka 17:00 – 19:00. Utstyrssentralen held til i lokala til Frivilligsentralen. Her får du lånt ski, skøyter, akebrett, truger, telt og så bortetter heilt gratis. Utstyret kan lånast for ei veke om gongen. For full oversikt over utstyr, sjå heimesida til Surnadal frivilligsentral og klikk på linken Utstyrssentralen.
  • Biblioteket: Opningstida er som no. 

Alle tilboda følger smittevernrestriksjonane. Kommunane er anbefalt å ikkje ha arrangement som samlar personar på tvers av kommunegrensene. Difor er kinotilbodet kun retta mot lokale barn og unge, altså barn og unge busett i Surnadal kommune. 

Nasjonale anbefalingar for idretts- og fritidsaktivitetar:

  • Barn og unge under 20 år kan trene og delta på fritidsaktivitetar som normalt, og unntas frå anbefalinga om 1 meters avstand når det er nødvendig for å drive aktiveteten. 
  • Barn og unge kan trene både ute og inne med sitt lag eller sin blubb, men kampar, cupar, stemner med meire for barn og unge må framleis utsettast
  •  Vaksne blir anbefalt å ikkje drive organisert aktivitet innandørs. Utandørs kan vaksne trene, dersom det er mogleg å halde god avstand. 

For meir om dei nasjonale smitteverntiltaka kan du sjå Regjeringen.no

Publisert: 19. januar 2021, 13:50