Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ukategorisert Arkiv

Vi fann 3111 artiklar i dette arkivet.


Todalen IL minner om årsmøtet

Elinor Bolme Måndag 11. mars 2019

.Onsdag 27.03.2019 kl 19.00 er det Todalen IL sin tur til å halde årsmøte i Todalen Ungdomshus.
Fristen nærmar seg for saker som ønskes behandla på årsmøtet – siste frist er 13.03.19 for innmelding til styret v/Nils Ove Bruset


Ny runde med rognplanting i Toåa

Elinor Bolme Laurdag 9. mars 2019

Onsdag denne veka var Kjetil Haugen og Bjørnar Åsbø frå Rossåa settefiskanlegg ute på ein ny runde med rognplanting. Dei hadde med seg Kjell Øyen, som har sendt oss nokre bilder frå utsetjinga av nærare 20 000 rogn i Toåa.


Gudsteneste og årsmøte i Todalen sokn komande søndag

Dordi Jorunn Halle Fredag 8. mars 2019

Søndag 10. mars kl. 11.00 er det gudsteneste i Todalen kyrkje. Da er det første søndag i fastetida, og fiolett er den liturgiske farga. Kristin Strand er prest og Bernt G. Bøe er organist. Preiketeksta er frå Matteusevangeliet, 26, 36 -45. Takkoffer til Kirkens nødhjelp.


Årsmøte unnagjort, og jubileringa kan begynne

Elinor Bolme Torsdag 7. mars 2019

I går kveld vart årsmøtet i todalen.no gjennomført i Todalen ungdomshus. Ikkje for fullsett sal akkurat, så dei formelle sakene gjekk rimeleg raskt unna. Leiar Stig Husby gjekk igjennom årsmelding og rekneskapen gjennom det som må seiast å være eit «normalår» for nettstaden. 2018 var ikkje året for dei store aktivitetane utanom den daglege drifta. 


Onsdagstrimmen består!

Elinor Bolme Onsdag 6. mars 2019

Trimopplegget til Surnadal pensjonistlag fortsett framover kvar onsdag kl 11.00. Takka vere at Svein Tjelle har teke på seg instruktørjobben, skriv pensjonistlaget i ein epost.


Kom på årsmøte i kveld!

Elinor Bolme Onsdag 6. mars 2019

I kveld kl 19.30 er det årsmøte for Todalen.no, og styret håpar at fleire tek turen til Todalen Ungdomshus for å sjå kva som har gått for seg i 2018.  Det er dei kommersielle medlemmene som bedrifter, lag og organisasjonar som har stemmerett, men alle våre personlege medlemmar (utan stemmerett) og andre interesserte er også hjarteleg velkomne til ein gjennomgang av året som har gått. 



Minimalt med snø, men mykje bakels!

Elinor Bolme Sundag 3. mars 2019

Lukta av nystekte bakels bredde seg frå gapahuken på Tjønnmyra på formiddagen i dag når skigruppa i Todalen IL inviterte til barn i løypa. Kombinasjonen med Wasaloppet, 50 km menn i Seefeldt, og minimalt med snø i bygda gjorde nok sitt til at deltakinga ikkje var den aller største. 


Skitbra Bettan til Surnadal

Steinar Hasselø Sundag 3. mars 2019

Elisabeth Andreassen satte ny seerrekord på Hver gang vi møtes, og nå legger hun ut på turneen «Jeg er skitbra». Turneen avsluttes i Surnadal kulturhus 16. mars. Hun er norsk musikks ubestridte førstekvinne, som mange ganger har hevet den musikalske takhøyden gjennom intet mindre enn fire tiår.


Hugs Barn i løypa

Elinor Bolme Sundag 3. mars 2019

I dag er det Barn i løypa på Tjønnmyra frå klokka 12 og utover, eller familiedag om ein vil. Her blir det både kaffe og kanskje bakels å få servert mellom draga i skibakken.


Eit glimt frå Neådalen

Elinor Bolme Laurdag 2. mars 2019

Sist sommar, inviterte Ragnar Halle med seg Svein Åge Saksen og Carsten Bohle til Neådalen på fisking. Svein Åge hadde naturleg vis med seg kameraet og har no sett saman ein ferdig film på ca fire minutt frå turen.


Markering av kvinnedagen 8. mars

Elinor Bolme Laurdag 2. mars 2019

Også i år står Surnadal folkeakademi i bresjen for å få til markering av kvinnedagen. Denne gongen har dei fått med seg senioruniversitetet som medarrangør.