Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ukategorisert Arkiv

Vi fann 3098 artiklar i dette arkivet.


Travelt for brøytemannskapet

Jon Olav Ørsal Laurdag 19. januar 2019

På parkeringsplassen ved Matkroken var Arne Harald Moe i gang med å fortære formiddagsmaten. – Med motoren i gang var det tydeleg at det var travle tider, og brødskivene gikk ned på høgkant – saman med ein slurk med kaffe. Snøværet som har vart fleire dagar set faktisk brøytemannskapa på prøve, for dette er arbeid som skal utførast etter kontrakten og da er det berre å stå på.


Straumutkopling søndag

Elinor Bolme Laurdag 19. januar 2019

Svorka melder om straumutkopling på strekninga Todalsstranda-Todal-Kårvatn førstkommande søndag mellom 9 -10.30. Dei skal i tidsrommet utføre litt nødvendig arbeid på strømnettet som krev utkopling ei lita stund.


KNT vurderer nye driftsmodeller for tre av hyttene sine

Elinor Bolme Fredag 18. januar 2019

KNT (Kristiansund og Nordmøre Turistforening) jobber for tiden med mulige forandringer i driftsmodellen av de betjente hyttene som de eier. I den anledning har de valgt å sende ut en felles pressemelding til noen aktuelle medier for å bekrefte og kanskje avkrefte noen spekulasjoner som har kommet opp i senere tid. Regionens største KNT er […]


Dataklubben avsluttar for denne omgang

Elinor Bolme Torsdag 17. januar 2019

Surnadal Pensjonistlag varslar om at deira vekentlege Dataklubb tek ein møtepause inntil vidare. Dei vil ta ei vurdering seinare om det blir ny oppstart seinare.


Årsmøte hos Surnadal Folkeakademi

Elinor Bolme Onsdag 16. januar 2019

Surnadal Folkeakademiet inviterer til årsmøte måndag 18. februar kl 20.00. Møtet er på  kantina i Skeivegen 3. Denne er i tredje etasje i Coopbygget. Her blir det vanlige årsmøtesaker. 


Erik satsar på NC i randonee

Elinor Bolme Sundag 13. januar 2019

I helga har årets første Norges Cuprenn i randonee vore arrangert i Skorgedalen. Arrangør var Romsdal Randonee Klubb, og på startstreken i klassen ungdom stilte Erik Kårvatn for Todalen IL. Fredag kveld var det individuell sprint og Erik konkurrerte mot Edvard Sætran Solli frå Torjulvågen. Erik var sterkast begge dagane og vann klassen sin. Han har etter ein sesong som både aktiv innan fotball og friidrett eit godt grunnlag til å hamle opp med mtstandarane i motbakkane.


Banken gir av overskuddet

Elinor Bolme Laurdag 12. januar 2019

Kvart år har lag og foreningar mulegheit til å søke Surnadal sparebank om midlar etter siste års overskudd. I år intet unntak, og banken oppfordrar alle med eit kundeforhold til å søkje.


Vasslause i Bjøråa vassverk

Elinor Bolme Sundag 6. januar 2019

I dag er det dessverre abonnentane ved Bjøråa vassverk som er utan vatn melder vakthavende  ved Surnadal kommune; Tor Arne Moen. Han fortel at trafoen i Falla er årsaka. Denne må skiftast av Svorka og dette blir ikkje i orden før utover kvelden.  Som ei mellomløysing kjem derfor kommunen og kobler til eit nødaggregat slik […]


Bli kjent med randonne!

Elinor Bolme Laurdag 5. januar 2019

Onsdag kveld inviterer Todalen Idrettslag til randokveld i Sæterlia, i samarbeid med Surnadal Alpinsenter AS. -Endeleg, så blir det eit opplegg for dei som vil læra meir om randndonne også her i dalføret, fortel Gudmund Kårvatn.


Nokon har for lite, medan andre har for mykje…

Elinor Bolme Laurdag 5. januar 2019

Store nedbørsmengder dei siste dagane har ført til varseltrekantar med både gule og raude farger både på nedbør, flaum,  jordras og sist men  ikkje minst snøras i Trollheimen. 


Fyll opp kalenderen vår!

Elinor Bolme Fredag 4. januar 2019

Nytt år og nye aktivitetar er under planlegging. Det betyr forhåpentleg vis at aktivitetskalenderen her på todalen.no skal fyllast opp med små og store arrangement det kommande året. For at alle skal få best muleg informasjon om kva som skjer i bygda oppfordrar vi derfor at lag og organisasjonar og eventuelt andre sender oss ein e-post med litt info om kva som skal skje i løpet av året.