Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ny runde med rognplanting i Toåa

Elinor Bolme Laurdag 9. mars 2019

Onsdag denne veka var Kjetil Haugen og Bjørnar Åsbø frå Rossåa settefiskanlegg ute på ein ny runde med rognplanting. Dei hadde med seg Kjell Øyen, som har sendt oss nokre bilder frå utsetjinga av nærare 20 000 rogn i Toåa.

Rogna vart lagt ut på ulike plasser i elva fra ovenfor Stillhølen i Brusetmarka til et stykke ovafor Ramsøya. Det vart lagt ut rundt 18-20 vibertbokser med rogn. Kvar av desse boksane tek rundt 1000 rognkorn kvar, som forhåpenleg vis genererer til mykje ny smolt i Toåa.

Ein fin dag ute i felten for Kjetil og Bjørnar

Ein ny boks får plassen sin.

Alle vibertboksene er merka med hvite og gule band, og det er viktig at ingen tek opp desse boksane fortel Monika Klungervik ved Rossåa settefiskanlegg. -Vi kjem til å gjere dette sjølv når rogna er klekt og yngelen har svømt ut i elva. Då kan vi sjå om rognplantinga var ein suksess, fortel ho.

Rogna som no vart lagt ut er ikkje ein del av pålegget, som er 1000/2000 smolt til utsetjing.  Denne rogna er overskuddsmateriale etter stamfisket i fjor haust. -I staden for å berre ta vare på det vi treng til pålegget og avlive resten, fører vi tilbake overskuddet til elva. Dette er noe vi gjer kvart år, enten som rogn eller som yngel. Vi får eit overskudd kvart år pga antall stamfisk som tas inn, eit antal som må tas inn for å få genetisk variasjon og minimere risikoen for innavl.

Smoltpålegget vil bli effektuert med utsett i merde ved Steinutgarden i mai. Men først blir det spanande å følgje med på om det har vorte bra med yngel som legg grunnlaget for ein ny laksegenerasjon i Toåa utover våren.

Alle foto: Kjell Øyen

Publisert: 9. mars 2019, 17:54