Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ukategorisert Arkiv

Vi fann 3137 artiklar i dette arkivet.


Todalsdagen er i rute

Elinor Bolme Torsdag 6. juni 2019

Todalsdagen har vore arrangert i ei årrekkje. Likevel må det kvart år sparkast i gang med litt planlegging for å få alle brikkane på plass. I går kveld var dei fleste komiteleiarane på plass for det første møte, og med rutinert mannskap og gode arbeidslister frå tidlegare år så reknar Anders Gjeldnes som er leiar i fotballgruppa med at dei kjem vel i hamn i år også.


Klare for ny sesong

Elinor Bolme Tysdag 4. juni 2019

Todalens yngste fotballspelarar har hatt ein fin vårsesong, og er no snart klare for sesongåpning med cupspel under årets SILregncup neste helg. Dei gler seg, og etter innsatsen på gårsdagens trening å dømme, så kan det bli ei kjekk oppleving.


Solid 4. plass på Nils Erik

Elinor Bolme Sundag 2. juni 2019

I går var Nils Erik Jakobsson Gjeldnes i aksjon under NAF sin landskonkurranse «Trygg på sykkel» i Letohallen på Dal. I gutteklassen var dei 21 deltakarar, og Nils Erik endte til slutt på ein solid 4. plass.  Dei to beste gutane og jentene dannar no eit eit landslag og gjekk  i år vidare til europafinalen […]



Den 25. Vårsøghelga snart vel i hamn

Elinor Bolme Laurdag 25. mai 2019

Fredag starta årets Vårsøghelg. Den 25. i rekkja, med eit breitt mangfald på programmet. Fleire av aktivitetane er lagt til Kulturhuset på Skei, og vi har fanga nokre av dei frå fredag og laurdag.


Kickstart på valgkampen

Elinor Bolme Laurdag 25. mai 2019

Til hausten er det nytt kommunevalg og fleire av lokalpartia byrjar no å røre på seg. Surnadal Arbeiderparti har saman med resten av lokallaga i Møre og Romsdal kickoff på årets valgkampkampanje. Dei var derfor ute på stand på Skei ved Coop i dag og delte ut sine tradisjonelle roser og ikkje minst prata med […]


Siste Fredrikkekaffe før ferien!

Dordi Jorunn Halle Fredag 24. mai 2019

Laurdag 25. mai inviterer Todalen Sanitetsforening til sesongens siste strikkekaffe i Sanitetshuset frå kl 13.00- 16.00. Alle er velkomne!


KløverRUSLEtur på Kvennsetøran

Dordi Jorunn Halle Laurdag 18. mai 2019

Måndag 20. mai inviterer Saniteten til RUSLETUR i Kvennsetøran bustadfelt. Denne gongen blir det oppmøte ved Sanitetshuset der vi skal ha base. Vi møtest til vanleg tid kl. 11.00.


Til Årnes på stavgang

Dordi Jorunn Halle Tysdag 14. mai 2019

Surnadal pensjonistlag melder at torsdag 16. mai er det stavgang på vakre Årnes. Parkering ved Jørristua, og turen startar derifrå kl. 11:00.


Har du mista nøkkelen din?

Elinor Bolme Tysdag 7. mai 2019

Wencke Kvendset har funne ein nøkkel i stien ned mot Gunnøya i dag. Ho har teke vare på den, så om det er din kan du ta turen til Viastua.


17. maifeiring på Kvanne

Elinor Bolme Tysdag 7. mai 2019

17. mai nærmar seg med stormskritt trass iherdige snøelingar den siste veka. Vi har fått tilsendt årets program for Stangvik skulekrets.  


Dagstur til Romsdalsmuseet og Bryggjen i Bud

Elinor Bolme Torsdag 2. mai 2019

Som nemnt på siste medlemsmøtet tiSurnadal Pensjonistlag vil det bli arrangert busstur til Romsdalsmuseet i Molde. Turen er planlagt den 22.mai med avgang frå kulturhuset på Skei kl 0900. Første etappe går til Molde og Romsdalsmuseet. Deretter køyrer ein vidare til Bud og restauranten Bryggen i Bud.