Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

KløverRUSLEtur til Kårvatn med hyttebesøk.

Dordi Jorunn Halle Laurdag 1. juni 2019

Måndag 3. juni  inviterer Saniteten til RUSLETUR på Kårvatn. Oppmøte ved Halsbua kl. 11.00. Samkjøring til Kårvatn.

Det blir base i Sagstua, hytta til Helga og Terje Nordvik. Her er det bilveg heilt fram, eller ein kan gå etter fin veg frå Kårvatn og innover til hyttefeltet. Altså kan ein ta akkurat så lang eller kort tur ein sjølv ønskjer

Den som ønskjer ein litt lengre tur, kan ta gå innover til Nauståfossen, eller litt rundt omkring i hyttefeltet.

Det blir sosialt samvær og kaffe med noko attåt!

YR melder litt sol og 20 grader.

Den som treng skyss, kan ta kontakt med

Jorunn Ørsal, tlf.: 942 78 914 eller

Dordi Jorunn Halle, tlf. 924 58 007

Alle er velkomne til sosialt samvær og trim!

Publisert: 1. juni 2019, 20:47