Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalsdagen er i rute

Elinor Bolme Torsdag 6. juni 2019

Todalsdagen har vore arrangert i ei årrekkje. Likevel må det kvart år sparkast i gang med litt planlegging for å få alle brikkane på plass. I går kveld var dei fleste komiteleiarane på plass for det første møte, og med rutinert mannskap og gode arbeidslister frå tidlegare år så reknar Anders Gjeldnes som er leiar i fotballgruppa med at dei kjem vel i hamn i år også.

Allsidig Todalsdag 29. juni

Som alltid blir det både loppemarked, Ræta Opp, grill og kiosk, men hovudfokuset er det naturleg vis fotballen som skal ha. I år er det 3’er fotball i alle klassar, og så langt er det ikkje så mange lag påmeldt. -Erfaringsmessig kjem dei aller fleste påmeldingane tett innåt fristen, fortel Anders. I år er den sett til 25. juni, så det er god tid til å bestemme seg enno, men egentleg ikkje noko å vente med om dei ulike laga veit dei skal delta.

God inntektskilde

Tidlegare år, med unntak i fjor har det vore eige Todalsdaglotteri. Dette er ei stor inntektskilde og med gjeve gevinstar er det lettselde lodd. To av tre gevinstar er allerde klare: Hagemøbelsett frå Talgø og gåvekort for to hos Svinvik Gard. Her blir det mulegheit til å kjøpe lodd på Matkroken eit par dager i forkant, samt heile dagen på Bordholmen den 29. juni.

Bli med på dugnaden!

Dei ulike komiteleiarane vil dei kommande dagane setje seg ned for å sette opp dugnadalister. Dei håpar at mange vil være med å bidra når dei kanskje får ein telefon eller sms om å stille på små og store oppdrag. Erfaringsmessig må det mange liter bakelsrøre g fleire kummar graut til for å dekkje ein heil dag i kiosken. Er det nokon som har lyst til å bidra med eitt eller anna så ta berre kontakt med Anders som er leiar i fotballgruppa. Mannskap trengs hos loppene, i kiosk, grill, på banen som dommarar og i parkeringa. For å nemne noko.

Ellers blir det naturleg vis dugnad på Bordholmen både onsdag og fredag før sjølve arrangementsdagen.

Først publisert: 6. juni 2019, 07:00 - Sist oppdatert: 5. juni 2019, 22:33