Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Årsmøte unnagjort, og jubileringa kan begynne

Elinor Bolme Torsdag 7. mars 2019

I går kveld vart årsmøtet i todalen.no gjennomført i Todalen ungdomshus. Ikkje for fullsett sal akkurat, så dei formelle sakene gjekk rimeleg raskt unna. Leiar Stig Husby gjekk igjennom årsmelding og rekneskapen gjennom det som må seiast å være eit «normalår» for nettstaden. 2018 var ikkje året for dei store aktivitetane utanom den daglege drifta. 

Og aktivitet er det med 436 977 besøkjande i 2018 med 850 603 sidevisnigar. Litt ned på antall besøkjande frå året før, men litt opp på antall viste sider i same tidsrom. 

Færre personlege medlemmer

Regnskapet viste ved årsslutt eit negativt resultat på -27 873 kroner. Eit fotokurs, nokre færre bedriftsmedlemar og ei betydeleg redusering av personlege medlemmer var med å bidrog til dette. Difor har styret hatt fokus på dette dei første månadane i 2019 med innsalg til 7 nye medlemmer, og fleire på blokka kunne Stig fortelje. -Vi nok jobbe litt ekstra framover for å få inn fleire personlege medlemmer konkluderte han.

Ringvirkningar

Tilbakemeldingar frå årsmøtet var udelt positive til den daglege drifta med jamne og informative oppdateringar; nettsida er miljøskapande for bygda og eit viktig eit «utstillingsvindauge» for dei ulike laga som benyttar seg av medlemskapet mest. Både Todalen Historielag og Todalen sanitetsforening ser at omtalar rundt deira aktivitet gir ringvirkningar for interessa av organisasjonane sine arrangement, fortalte Dordi Jorunn Halle som er engasjert i begge foreningane. -Og da er det kanskje ikkje så rart at begge desse betaler litt ekstra over dei 1800 kronene i året  for medlemskapet resonnerte ho. 

Med eit snitt på 1300 besøkande pr dag, fordelt på 111 forskjellege land i løpet av et år er rekkevidda ganske stor for det som i oppstarten var eit lite nedslagsfelt på 300 innbyggjarar.

Årets bilete

Til slutt vart tradisjon tru Årets bilete avslørt. Her er konkurrerer alle månadsvinnarane om den gjeve tittelen. I år var det Kristian Gjeldnes som stakk av med seieren med det fine bildet «Julikveld på Storskarnebbå». 

Kristian var ikkje til stades men vil få bildet i glass og ramme ganske så snart.

På tampen fekk også Jon Olav Ørsal ein velfortjent takk for sin innsats i som styremedlem sidan oppstarten. Han tok ikkje gjenvalg, og vart difor erstatta av Karin Åsbø som vart innvalgt for to år. Jon Olav fortsett heldig vis som fast leverandør av nyheitssaker for det!

Sett av datoen

Elles var det orientert litt om 10-års jubileumet i august. Dato er 10. august, og styret røper både at deler av underhaldninga er i boks, og at det vil bli ein kjempekveld i Todalen Ungdomshus.  I anledninga har Maria Hagerupsen Halle laga ein jubileumslogo som vi kjem til å bruke framover.

 

 

Først publisert: 7. mars 2019, 05:00 - Sist oppdatert: 6. mars 2019, 23:20