Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ukategorisert Arkiv

Vi fann 3111 artiklar i dette arkivet.


Ny sjanse!

Steinar Hasselø Laurdag 2. mars 2019

«Green Book» vart kåra til beste film under Oscar-utdelingane sist måndag. Surnadal kino gir deg difor to nye sjansar til å få med deg storfilmen.


VINTERSYN 2019

Elinor Bolme Tysdag 26. februar 2019

Førstkommande laurdag kl 13 åpnar Surnadal kunstforening si kunstutstilling Vintersyn 2019 i  Galleri Finstuå på Surnadal Kulturhus. Her vil Surnadal Kunstforening vil presentere foto ved Marion Otterlei og Olav Karlstad. Alle bileta i utstillinga vart tekne under førebuingane av «Casolith, knapp, prat og leik», Surnadal Kunstforening sitt bidrag i det nasjonale prosjektet NåDa.


Sonrerenn med godt oppmøte

Elinor Bolme Sundag 24. februar 2019

Ettersom det både er vinterferie og influensaviruset herjer for fullt er IL Søya meget godt fornøgd med at heile 55 deltakere sto på startstreken under dagens sonerenn på Vang. 35 av disse deltok i klassen 0-8 år som gjekk ein liten runde på ca 500 meter. Dei frå 9 år og oppover var ca 20 i talet og gjekk distansar på 1, 2 og 5 km.


Yrande liv på Dalahaugen Open

Elinor Bolme Laurdag 23. februar 2019

Dalahaugen Open samla i dag godt over 20 ungar og tlisvarande vaksne rundt Dalahaugen på Kårvatn under Norgescuprennet i randoeé. Arrangørane i Todalen IL seier seg storfornøgd med arrangementet og håpar også dei frammøtte kosa seg i anlegget som var tilrettelagt for minirando, hopping, kulerenning og slalom.


Åpen kafé på Slettneset

Elinor Bolme Laurdag 23. februar 2019

Søndag er det åpen kafe hos Slettneset steinovnsbakeri igjen. Da blir det høve til å kjøpe seg både kaffe, søt gjærbakst, grovbrød og til og med Karin’s heimelaga basilikumaioli. Om du ikkje har besøkt kafeen tidlegare anbefaler vi eit besøk på søndag. Koseleg stemning og ikkje minst god traktering!


Fullspekka program

Elinor Bolme Fredag 22. februar 2019

6. mars er det klart for årets Næringslivsdag i regi Surnadal Sparebank. Her er det eit velfylt program for alle påmeldte med fleire store navn på talelista, både lokale og nasjonale. Konferansier er også i år Bente Krangnes Edvardsen og ho har med seg banksjef Allan Troelsen og Eva Husby frå Føniks vask og rens som representerer Surnadal.


Veksande innan forvaltning

Elinor Bolme Torsdag 21. februar 2019

LL Drift melder no om auke i sin portefølje innan eigedom og kjøpesenter og treng derfor enda fleire dyktige medarbeidarar. Dei lyser derfor i desse dagar ut to nyoppretta stillingar innan økonomi og forvaltning.


Minner om årsmøtet

Elinor Bolme Onsdag 20. februar 2019

Surnadal Golfklubb minner sine medlemmer om  årsmøtet førstkommende lørdag kl 19:00 på Thon Hotel Surnadal.


Biblioteket i Todalen er ikkje ope i kveld

Dordi Jorunn Halle Måndag 18. februar 2019

Bibliotekar Karen Johanne melder at biblioteket dessverre ikkje er ope i kveld, måndag 18. februar. Men neste måndag er det vanleg opningstid. Vel møtt til boklån måndagskveldane frå kl 18.00 – 20.00!


Klare for storliv rundt Dalahaugen

Elinor Bolme Måndag 18. februar 2019

På laurdag var dugnadsgjengen som har tatt på seg oppdraget med å lage storliv rundt Dalahaugen under kommande helgs randoneerenn på «stadion» for å forberede alskens aktiviteter for gammal og ung. Og aktivitet blir det i massevis kan dugnadssjef Ragnar Halle fortelje. Under laurdagens dugnadsøkt vart det blant anna laga to hoppar, slalomløype og to ulike trassear for minirandonee.


Årsmøte todalen.no

Elinor Bolme Sundag 17. februar 2019

Det er årsmøtetid også for Todalen.no, og vi kallar derfor våre bedrifts- og organisasjonsmedlemmar inn til årsmøte i Todalen ungdomshus onsdag 6. mars kl 19.30.  Personlege medlemmar (utan stemmerett) og andre interesserte er også hjarteleg velkomne til ein gjennomgang av året som har gått.


Strømbrudd på Rykkjem i formiddag

Jon Olav Ørsal Onsdag 13. februar 2019

Rute 46 Kvanne – Rykkjem: Det må påregnes noe forsinkelser i sambandet på grunn av strømbrudd på Rykkjem ferjekai, melder Fjord1. Fra 14.45 er det normal drift i sambandet.