Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ny sjanse!

Steinar Hasselø Laurdag 2. mars 2019

«Green Book» vart kåra til beste film under Oscar-utdelingane sist måndag. Surnadal kino gir deg difor to nye sjansar til å få med deg storfilmen.

«Green Book» er ein god «gamaldags» film om ein røff utkastar som får eit sjåføroppdrag for ein meir forfina mørkhuda pianist. Kurant nok, men ulempa er at turen skal gå gjennom sørstatane i USA, og vi er først på eit 1960-tal sterkt prega av segregering («apartheid») mellom kvite og svarte. «Green Book» er inspirert av ei sann historie og vart altså kåra den beste filmen som vart laga i fjor. Den fekk i tillegg også Oscar for beste mannlege skuespelar i ei birolle og for beste manus. «Green Book» vil bli vist søndag 3. og torsdag 7. mars.

«Amundsen» vil bli vist for (truleg) siste gong søndag 3. mars. Og i slutten av neste veke kjem ein anna norsk storfilm; «Ut og stjæle hester».

Søndag 3. mars blir også siste gong «Rive-Rolf krasjer internett», og «Legofilmen 2» gjer seg ferdig laurdag 2. mars. Ny barnefilm frå fredag 8. mars er «Kule kryp 2».

«Captain Marvel» har premiere onsdag 6. mars; nok ein film frå Marveluniverset – der nær sagt også resten av universet står på spel før Captain Marvel (Brie Larson) grip inn.  

Du finn heile kinoprogrammet på https://surnadal-kulturhus.no/program/#kino

Publisert: 2. mars 2019, 12:24