Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sonrerenn med godt oppmøte

Elinor Bolme Sundag 24. februar 2019

Ettersom det både er vinterferie og influensaviruset herjer for fullt er IL Søya meget godt fornøgd med at heile 55 deltakere sto på startstreken under dagens sonerenn på Vang. 35 av disse deltok i klassen 0-8 år som gjekk ein liten runde på ca 500 meter. Dei frå 9 år og oppover var ca 20 i talet og gjekk distansar på 1, 2 og 5 km.

Her var deltakarar både frå Surnadal IL, ØSIL, Bøfjord IL, Øksendal IL, Charlottenlund SK og sjølvsagt godt oppmøte frå arrangørklubben IL Søya.

Premieutdeling

Det spøkte litt for snøforholda etter varmegrader og store nedbørsmengder tidlegare, men det vart meir enn nok snø til at arrangementet kunne gå som normalt.

Og på kjøkkenet var det erfarne damer som laga i stand bakels, saft og kaffe som seg hør og bør på slike arrangement.

Deltaker- og resultatliste 0-8 år

Resultatliste 9 år og eldre

Sjå enda fleire bilder på IL Søya si heimeside: God deltakelse og gode forhold

Alle foto: IL Søya

 

Publisert: 24. februar 2019, 22:50