Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kom på årsmøte i kveld!

Elinor Bolme Onsdag 6. mars 2019

I kveld kl 19.30 er det årsmøte for Todalen.no, og styret håpar at fleire tek turen til Todalen Ungdomshus for å sjå kva som har gått for seg i 2018.  Det er dei kommersielle medlemmene som bedrifter, lag og organisasjonar som har stemmerett, men alle våre personlege medlemmar (utan stemmerett) og andre interesserte er også hjarteleg velkomne til ein gjennomgang av året som har gått. 

På saklista står vanlege årsmøtesaker, utdeling av årets bilde, enkel servering og kanskje ein liten sniktitt inn i jubileumsåret så langt.

Først publisert: 6. mars 2019, 04:36 - Sist oppdatert: 5. mars 2019, 22:41