Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ishockeykamp på Bordholmen

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 9. januar 2021

Laurdag kveld hadde fedrene utfordra ungane til ishockeykamp på Bordholmen. Kampen vart arrangert på ein kjempefin skeiseis på Bordholmen stadion, og kampen vart spela over to periodar. Kva som vart sluttresultatet er litt uklart, men ein kommentar frå ein av fedrene: «Dei gamle er best!», kan vel tyde på at fedrene vann! Ishockey er vanlegvis ein fysisk tøff sport der spelarane, rett som det er, ryk i tåtane på kvarandre og tek ein kamp på tørre nevane. Slike scener slapp vi i alle fall heldigvis å sjå i kveld. 

Klare til kamp! Foto: B G Ansnes

Skeiseisen på Bordholmen stadion har fore flittig brukt dei første dagane i det nye året, og det har vore stor aktivitet kvar einaste kveld. I tillegg har isen vore mykje brukt på dagtid i helgene. Sist torsdag hadde Todalen skule uteskule på Bordholmen. I kveld viste gradestokken rundt 5 grader, noko som ikkje akkurat er ein gunstig temperatur for skeiseis over tid, så vi får håpe for dei skeiseinteresserte sin del at gradestokken kryp under null att med det første. 

Fedrene angrip. Foto: B G Ansnes

Under ishockeykampar er det vanleg med pausemusikk, musikk ved kvar scoring og når pucken er ute av spel. Det var ingen til å styre musikken under kampen, så løysinga vart musikk under heile kampen, frå Finn Ranes sitt «rullande diskotek»! Publikumsoppslutninga var ikkje den heilt store, med spelarane storkosa seg uansett. 

Ungane har putta pucken i mål. Foto: B G Ansnes

Dette var eit positivt tiltak i ei tid der dei fleste aktivitetar er satt på «vent» på grunn av Koronasituasjonen. 

Finn Ranes stilte med «rullande diskotek»! Foto: B G Ansnes

Publisert: 9. januar 2021, 20:30