Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Surnadal ungdomsskule – Innfører delvis heimeundervisning frå onsdag 13.januar

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 12. januar 2021

Som kjent har alle ungdomsskular og vidaregåande skular, over heile landet sidan 4.januar, hatt «raudt» smittevernnivå. Dette gjer at klassar ved Surnadal vidaregåande skule har veksla på å ha heimeundervisning. I informasjon frå Surnadal barne- og ungdomskule får vi opplyst at dei òg innfører delvis heimeskule for 8. og 9.årstrinn frå og med onsdag 13.jaunuar og førebels til og med tysdag 19.jaunuar. 

Det er skuleleiinga, i samråd med lokale myndigheiter og FAU, som har kome fram til denne løysinga, Grunnen til dette er utfordringar arealmessig i samband med pågåande byggearbeid ved Surnadal barne- og ungdomsskule og utfordringar i høve til skuleskyssen. Å redusere talet på elevar som er på skulen kvar dag vil gjere det lettare å etterkoma aktuelle krav til smittevern. 

Elevane på 8. og 9.årstrinn skal ha heimeundervisning desse dagane:

  • Onsdag 13.januar: Klasse 8AB og 9AB
  • Torsdag 14.jaunuar: Klasse 8CD og 9CD
  • Fredag 15.januar: Klasse 8EF og 9EF
  • Måndag 18.januar: Klasse 8AB og 9AB
  • Tysdag 19.januar: Klasse 8CD og 9 CD

Om perioden med heimeundervisning vil bli forlenga, utover til og med tysdag 19.januar, vil bli bestemt seinast tysdag 19.januar. 

Publisert: 12. januar 2021, 14:13