Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ukategorisert Arkiv

Vi fann 3111 artiklar i dette arkivet.



The Brørs: «Pappapop»-slepp

Steinar Hasselø Onsdag 2. januar 2019

Sigurd Brørs og einmannsbandet The Brørs har teke eigarskap til den nye sjangernemninga «pappapop»! Denne perla av eit ord er nemleg tittelen på den ferske plata som skal feirast på Surnadal kulturhus laurdag 5. januar kl. 1900.


Patt, remis og sjakk matt

Elinor Bolme Tysdag 1. januar 2019

Mange var kanskje klistra framfor TV-skjermane i romjula, medan Magnus Carlsen briljerte under årets sjakk VM i Russland. Og det hadde kanskje ringverkningar når det i dag måtte utsettast ekstra bord for at alle skulle få spele under sjakkøkta på Matkroken.


Vangsgutane sin utgivar Fonna Forlag til salgs

Elinor Bolme Tysdag 1. januar 2019

Det skriv Trollheimsporten på sine heimesider no i dag. Dei har vore i kontakt med Arnt Årnes som eig majoritetane av aksjeane som blant anna har gitt ut juleheftet Vangsgutane med hendingar frå Todalen sidan 1983.


Godt nytt (vått) år!

Elinor Bolme Måndag 31. desember 2018

Vi skriv no på siste verset av 2018, og nesten som ein tradisjon så er ruskeveret på plass i Todalen og Møre & Romsdal for øvrig. Den vesle snøen vi fekk natt til i går har forlatt dalen for lengst, og ute er det no pøsregn og vind. NVE melder om både kraftig vind og mykje nedbør i vår landsdel, som naturleg nok vil leggje ein dempar på årets nyttårsfeiring.


Lauga seg inn i det nye året

Elinor Bolme Måndag 31. desember 2018

Det starta i det små, med eit par stykker som møttes i fjæresteinane på Ansneset for å ta seg eit nyttårsbad for nokre år sidan. I år var det i følge tilsendte bilder utruleg god deltaking og kanskje ok temperatur for hardhausane. I lufta var det i alle fall rundt 5-6 grader, men med noko nedbør så ser det rett litt hustrig ut likevel…


Hugs sjakk i morgon!

Elinor Bolme Måndag 31. desember 2018

Terje Nordvik minner på om at det i morgon er sjakk på Matkroken klokka 15. Det er planlagt ei uformell turnering der vi garanterer minst to parti på alle mann, tilpassa mannskapet som møter opp, fortel han.  Det betyr at både nybegynnarar og proffe som Karlsen oppfordrast til å ta seg ein tur for litt […]


Kristina dømmer i verdenstoppen

Elinor Bolme Laurdag 29. desember 2018

Sist uke ble Kristiansundsjenta Kristina Andersen Ness, med sterke aner fra Todalen, forfremmet til bryterdommer i kategorien Internasjonal 1. Den nest høyeste dommergraden en brytedommer kan ha på internasjonalt nivå.


Startar nyåret med eit bang!

Seinar Hasselø Laurdag 29. desember 2018

Surnadal kino tek høgde for at det er skulefri onsdag 2. januar og sett opp fire filmar den dagen.

Animasjonsfilmen «Troll – Kongens hale», og det som truleg blir det siste møtet med kritikarroste «Spider-Man: Into The Spider-Verse», går på dagtid.


Spissfindige formuleringar, lange fotar og små hjerner..

Elinor Bolme Fredag 28. desember 2018

Mens dei fleste av oss gjorde unna forberedelsane til jul i god tid, har revygjengen jobba litt meire intenst inne i julehøgtida for å legge tilrette for ein triveleg og sosial kveld i Todalen Ungdomshus 4. juledag. Nesten 70 betalande hadde sett av kvelden og kunne fornøyeleg nyte ein stor time med underhaldning fra scena.


Dagens quiz.

Mari B. Redalen Onsdag 26. desember 2018

Kjenner du disse?


Pub, quiz og fotball

Elinor Bolme Tysdag 25. desember 2018

Pakkhuset Kro inviterer til fotball på storskjerm og åpen pub med quiz 2. juledag. Hr blir det altså noko for ein kvar smak, og ikkje minst med anledning til å treffe sambygdingar og ferierande julegjester på todalsbesøk.