Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ukategorisert Arkiv

Vi fann 3137 artiklar i dette arkivet.


No e sola kåmma!

Elinor Bolme Sundag 27. januar 2019

Ja, i dag har vi sett ho i deler av bygda i alle fall. 27. januar er ein merkedag for fleire av husstandane på Husby da sola kliv over fjella og tittar så vidt inn stueglasa nokre etterlengta minutt. Mange har i dag nytt dagen ute i det fine, men litt kalde vêret. Både etter veg til fots eller med spark, på ekrene med ski eller kanskje nytt ein fjelltur i retteleg pudderføre. 


biblioteket med nye åpningstider

Steinar Hasselø Laurdag 26. januar 2019

Surnadal folkebibliotek har no vorte «meirope» og har samtidig fått krav om innsparing av lønsutgifter. Det går diforutover opningstidene. Frå 1. februar vil biblioteket vere opemellom kl. 11 og 16 på måndag til torsdag, og kl. 11 til kl. 15 på fredagar. Sia biblioteket er «meirope», vil alle over 18 år, som har teikna avtale, […]


Stem på årets bilete 2018

Mari B. Redalen Tysdag 22. januar 2019

Eit heilt år sidan sist, men vi har no 12 nye bileter som skal med i kampen om å verta årets bilete 2018 . Vi ynskjer at du røystar på det bilete du synest fortener det aller mest.


Travelt for brøytemannskapet

Jon Olav Ørsal Laurdag 19. januar 2019

På parkeringsplassen ved Matkroken var Arne Harald Moe i gang med å fortære formiddagsmaten. – Med motoren i gang var det tydeleg at det var travle tider, og brødskivene gikk ned på høgkant – saman med ein slurk med kaffe. Snøværet som har vart fleire dagar set faktisk brøytemannskapa på prøve, for dette er arbeid som skal utførast etter kontrakten og da er det berre å stå på.


Straumutkopling søndag

Elinor Bolme Laurdag 19. januar 2019

Svorka melder om straumutkopling på strekninga Todalsstranda-Todal-Kårvatn førstkommande søndag mellom 9 -10.30. Dei skal i tidsrommet utføre litt nødvendig arbeid på strømnettet som krev utkopling ei lita stund.


KNT vurderer nye driftsmodeller for tre av hyttene sine

Elinor Bolme Fredag 18. januar 2019

KNT (Kristiansund og Nordmøre Turistforening) jobber for tiden med mulige forandringer i driftsmodellen av de betjente hyttene som de eier. I den anledning har de valgt å sende ut en felles pressemelding til noen aktuelle medier for å bekrefte og kanskje avkrefte noen spekulasjoner som har kommet opp i senere tid. Regionens største KNT er […]


Dataklubben avsluttar for denne omgang

Elinor Bolme Torsdag 17. januar 2019

Surnadal Pensjonistlag varslar om at deira vekentlege Dataklubb tek ein møtepause inntil vidare. Dei vil ta ei vurdering seinare om det blir ny oppstart seinare.


Årsmøte hos Surnadal Folkeakademi

Elinor Bolme Onsdag 16. januar 2019

Surnadal Folkeakademiet inviterer til årsmøte måndag 18. februar kl 20.00. Møtet er på  kantina i Skeivegen 3. Denne er i tredje etasje i Coopbygget. Her blir det vanlige årsmøtesaker. 


Erik satsar på NC i randonee

Elinor Bolme Sundag 13. januar 2019

I helga har årets første Norges Cuprenn i randonee vore arrangert i Skorgedalen. Arrangør var Romsdal Randonee Klubb, og på startstreken i klassen ungdom stilte Erik Kårvatn for Todalen IL. Fredag kveld var det individuell sprint og Erik konkurrerte mot Edvard Sætran Solli frå Torjulvågen. Erik var sterkast begge dagane og vann klassen sin. Han har etter ein sesong som både aktiv innan fotball og friidrett eit godt grunnlag til å hamle opp med mtstandarane i motbakkane.


Banken gir av overskuddet

Elinor Bolme Laurdag 12. januar 2019

Kvart år har lag og foreningar mulegheit til å søke Surnadal sparebank om midlar etter siste års overskudd. I år intet unntak, og banken oppfordrar alle med eit kundeforhold til å søkje.


Vasslause i Bjøråa vassverk

Elinor Bolme Sundag 6. januar 2019

I dag er det dessverre abonnentane ved Bjøråa vassverk som er utan vatn melder vakthavende  ved Surnadal kommune; Tor Arne Moen. Han fortel at trafoen i Falla er årsaka. Denne må skiftast av Svorka og dette blir ikkje i orden før utover kvelden.  Som ei mellomløysing kjem derfor kommunen og kobler til eit nødaggregat slik […]


Bli kjent med randonne!

Elinor Bolme Laurdag 5. januar 2019

Onsdag kveld inviterer Todalen Idrettslag til randokveld i Sæterlia, i samarbeid med Surnadal Alpinsenter AS. -Endeleg, så blir det eit opplegg for dei som vil læra meir om randndonne også her i dalføret, fortel Gudmund Kårvatn.