Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Spissfindige formuleringar, lange fotar og små hjerner..

Elinor Bolme Fredag 28. desember 2018

Mens dei fleste av oss gjorde unna forberedelsane til jul i god tid, har revygjengen jobba litt meire intenst inne i julehøgtida for å legge tilrette for ein triveleg og sosial kveld i Todalen Ungdomshus 4. juledag. Nesten 70 betalande hadde sett av kvelden og kunne fornøyeleg nyte ein stor time med underhaldning fra scena.

Lite men bra ensemble

Dei var ikkje så mange som var delaktige på scena, men dei som var med gjorde gode figurar alle i hop! Særleg artig er det at yngre krefter kjem oppi att og bidreg i fleire av numra slik som Oda Halle og Astrid Longva Kvendset gjorde, saman med dei meir rutinerte «gamlekarane» Anders Gjeldnes, Nils Ove Bruset, Lars Sæther og Stig Husby. Vi vart tidleg gjort oppmerksom på at Hallingen kunne komme ut for litt harselas, derav overskrifta som visstnok er beskrivelsen av ein halling.. Utgravingane ved skulen og nedgravingane på Husby kunne naturleg vis ikkje unngå å bli nemt.

Den gyldne patron

Før pausen vart den gyldne patron utdelt. I år gjekk den til Todalen brannvesen ( Surnadal brannvesen avdeling Todalen), som alltid stiller opp for bygdefolket når det er behov for dei. Dei har dei siste åra fått utvida oppgåver med både hjartestartar og PLIVO-kursing som gjer at dei kan bistå i ulike hendingar før forsterkningar som politi, ambulanse og brannmanskap frå Surnadal ankjem Todalen.

Anders Ansnes Karlsen og Ståle Ansnes var tilstades og kunne ta i mot utmerkelsen frå Astrid Longva Kvendset på vegne av alle medlemmane i laget.

Etter forestillinga vart storsalen rydda og det vart høve til å ta seg ein svingom for den som ville med DJ Jens Olav Moe ved roret.

Under er eit bildegalleri frå underhaldninga, så kan dei som ikkje var til stades sjå kva dei gikk glipp av. Alle foto ElinorB

Publisert: 28. desember 2018, 22:37