Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Godt nytt (vått) år!

Elinor Bolme Måndag 31. desember 2018

Vi skriv no på siste verset av 2018, og nesten som ein tradisjon så er ruskeveret på plass i Todalen og Møre & Romsdal for øvrig. Den vesle snøen vi fekk natt til i går har forlatt dalen for lengst, og ute er det no pøsregn og vind. NVE melder om både kraftig vind og mykje nedbør i vår landsdel, som naturleg nok vil leggje ein dempar på årets nyttårsfeiring.

Yr melder no om både flomfare, jordskredvarsel og kraftig vind; til nord og nordvest liten storm 22 m/s, med topp natt til 1. nyttårsdag. Vinden avtar utpå ettermiddagen, men nedbøren blir stabil og våt, så regnkledene får vi bruk for neste år også..

Kvendsetgarden frå baksida i gråveret nyttårsaften. Fint å ferdast på tur med bare stigar, men litt trist likevel for denne årstida.

Todalen kyrkje sett frå nordsida av bygda rett før nyttårsgudstjenesta.

Redaksjonen takkar for besøk og bidrag i året som har gått, og håpar de held følgje også inn i eitt splitter nytt 2019!

 

 

 

Publisert: 31. desember 2018, 19:50