Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vangsgutane sin utgivar Fonna Forlag til salgs

Elinor Bolme Tysdag 1. januar 2019

Det skriv Trollheimsporten på sine heimesider no i dag. Dei har vore i kontakt med Arnt Årnes som eig majoritetane av aksjeane som blant anna har gitt ut juleheftet Vangsgutane med hendingar frå Todalen sidan 1983.

Trollheimsporten skriv: Juleheftet om Vangsgutane, serien til Leif Halse og Jens R. Nilssen, er framleis blant dei mest populære i Noreg, og tal frå Narvesen plasserte historiene om Steinar og Kåre Vangen på sjetteplass over dei mest selde hefta i 2018.

– Selskapet har gått med stort overskot kvart år sidan eg tok over for 14 år sidan, og har fleire millionar på bok. Juleheftet Vangsgutane gjev åleine eit stort overskot kvart einaste år, så berre rettane til dette bladet må vere verdt ganske mykje, seier Årnes.

Les heile intervjuet om Årnes, som håper at nye forlagseigarar kjem frå Todalen eller Surnadal: Drøymer om nye Vangsgutane-eigarar frå Surnadal og Todalen

Publisert: 1. januar 2019, 20:05