Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Surnadal Sparebank opnar dørene att

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 22. januar 2021

Frå torsdag 21.januar opna Surnadal Sparebank dørene att ved hovudkontoret på Skei. Avdelingskontora i Trondheim og i Kristiansund vil framleis ha stengte dører. Dette melder banken på sine eigne heimesider. 

Her kan vi vidare lese: «Fysiske kundemøter skal avtales på forhånd. Vi kan løse det meste over telefon eller gjennom gode digitale kanaler. Vi vil derfor be dere om å ta kontakt med oss på 71 66 27 00 eller via post@bank.no. Alternativt kan meldinger i mobilbank/nettbank benyttes for å få hjelp med dine spørsmål. Det er mye vi kan hjelpe til med som ikke krever at du i denne perioden kommer innom banken». 

Vidare presiserer banken at dei nasjonale og lokale reglane skal følgast, slik som bruk av handsprit og å halde avstand. Er du sjuk skal du halde deg heime. 

Til slutt seier banken: «Vi skal bidra til å hindre smitte – og vi er tilgjengelig». 

For meir informasjon og kontakte rådgjevar, sjå banken si heimeside: www.bank.no

Publisert: 22. januar 2021, 07:00