Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«Barn i løypa» i plussgrader

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 20. januar 2021

I kveld var det «Barn i løypa» i lysløypa på Tjønnmyra. Gradestokken viste +2 grader, så ein kan trygt seie at det var ein mildvêrskveld i forhold til førre onsdag, da gradestokken viste -13 grader. Rett nok var det litt vind, så den verkelege temperaturen var nok litt lågare enn det gradestokken viste. Men det var kjempefine forhold i nypreparerte løyper og få, eller eigentleg ingen, utfordringar smøre-messig. 

F.v. Ådne og Anders på tur. Foto: B G Ansnes

F.v. Ådne og Anders på tur. Foto: B G Ansnes

Mange barn og vaksne nytta høvet til å ta ein skitur i dei fine løypene. Det er tydeleg at mange sett pris på å få ta seg ein tur ut på ski att, både på grunn av Koronasituasjonen vi har, men òg fordi det er fleire år sidan sist det har vore så stabile og gode skiforhold over så lang tid som i år. Faktisk ser det ut til at dette vil fortsette enda ei stund, sjølv om det er meldt litt mildare vêr dei komande dagane.   

Emil, Edvart, Marit og Julia. Foto: B G Ansnes

Etter nokre rundar i løypene, bar det av garde til akebakken. Her vart det etter kvart stor aktivitet og ikkje minst stor fart!

F.v. Selma, Maria og Ylva Synnøve klar for aking. Foto: B G Ansnes

Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag hadde fyrt opp i peisen i gapahuken, slik at dei av oss som ikkje hadde med oss ski òg kunne halde varmen. 

I gapahuken var det lunt og lyst: Per Anders, Ole Martin og Martine. Foto: B G Ansnes

Da blir neste barn i løypa onsdag 27.jaunuar klokka 17:30. Barne- og ungdomsgruppa ønsker alle velkomne!

Her kan du sjå nokre bilete til frå kveldens «Barn i løypa»: 

Først publisert: 20. januar 2021, 21:26 - Sist oppdatert: 24. januar 2021, 09:22