Slettes ikkje i form…
Fleire har kanskje observert fisk ved Halsabrua som ikkje ser heilt «fast i fisken» ut den siste veka. På kveldens runde rundt bygda vart det tid for ein stopp på brua, og undertegnende fekk sjølv sjå den store ruggen med særdeles store skadar i hovudregionen. Laksen ligg forholdsvis roleg under brua, og har store åpne kjøttsår. I følge fiskarar som ferdast i Toåa, skuldast dette eit soppangrep.