Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Lite innsig – strengare handtering av laksefisket

Jon Olav Ørsal Torsdag 17. juli 2014

Starten på årets laksesesong tyder på at det er lite innsig av laks til mange av elvane i distriktet. Etter midtsesongevaluering er det difor mange elvar som har innførst strengare kvotar og  regulering av fisketida i samråd med Miljødirektoratet. Enkelte elvar har faktisk gått til det skrittet å frede all storlaksen.

I Toåa er all holaksen freda, og frå fredag 18. juli og til sesongslutt 15. august har Miljødirektoratet bestemt at også hannlaks over 65 cm skal settast ut igjen. Direktoratet har også i same tidsrom pålagt Todalen elveeigarlag å regulere kvoten for kvar fiskar til maksimum 3 laks i perioden 18. juli til 15. august. Dette kan du lese meir om på nettsida til Todalen elveeigarlag – http://todalslaks.no/nye-tiltak-i-laksefisket-fra-18-juli/.

Det er fortsatt høve til å levere stamlaks til Todalen elveeigarlag.

Norske Lakseelver har kome med informasjon om korleis du som sportsfiskar kan sette ut att laksen på ein skånsom måte. Her finn du linken til eit notat om dette emnet, slik at du er godt forberedt til din neste fisketur.

 

Publisert: 17. juli 2014, 20:55