Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

NINA-forskarar i Toåa

Jon Olav Ørsal Tysdag 12. august 2014

Måndag hadde Toåa besøk av 5 forskarar fra NINA – Norsk Institutt for naturforskning. Dei har eit forsningsprosjekt som går på ledeevne for elektrisk straum i vatn, med variasjonar i forskjellige temperaturar, fortalte forskningsleiar Gunnbjørn Bremset.  Dei brukar nemleg eletrisitet til å fange smolt og yngel, og i den samanheng er det viktig å vite kor mange ein går glipp av. Derfor er det viktig å forske på metodar og finne samanhengar i vasskvalitet, temperaturar osb.

Måndag var vasstemperatuen på 13,9 grader i prøvefeltet som ligg nedafor Raubekkhølen, like ovafor Hengbrua i Brusetmarka.  Det er litt i underkant av det dei hadde håpa på, etter som temperaturen var rund 20 grader i forrige veke. Det vart sett opp to nett over elva, og «fisket» føregikk i feltet mellom dei to netta. Det var overraskane mykje smølt og yngel i dette felte, og det var i første fangsten fanga eit 30-40 av 3-4 forskellige årgangar. Årsyngelen var ikkje meir en et par cm lang, medan den største som var er aureyngel var ca 14 cm lang.

Liknande testfiske har føregått i andre elvar, både i Trøndelag og på Møre, der forskningsfiske mellom anna har føregått i Vindøla.

Nedafor har vi ein bildeserie frå forskningsfisket nedafor Raudbekkhølen i Toåa.  Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 12. august 2014, 06:00