Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Slettes ikkje i form…

Elinor Bolme Laurdag 12. juli 2014

Fleire har kanskje observert fisk ved Halsabrua som ikkje ser heilt «fast i fisken» ut den siste veka. På kveldens runde rundt bygda vart det tid for ein stopp på brua, og undertegnende fekk sjølv sjå den store ruggen med særdeles store skadar i hovudregionen. Laksen ligg forholdsvis roleg under brua, og har store åpne kjøttsår. I følge fiskarar som ferdast i Toåa, skuldast dette eit soppangrep.

Fisken på bildet er anslagsvis i underkant av ein meter lang og rimelig brei på det breiaste. Skal ikke anslå korrekt vekt, men antek at den er godt over 5 kilo. Sidan fotoutstyret ikkje var på det beste under kveldens runde, kan vi berre anbefala turen nedover for å ta deni augesyn sjølv. Er du heldig ser du friske fine fiskar frå brua også.

Først publisert: 12. juli 2014, 22:27 - Sist oppdatert: 13. juli 2014, 00:34