Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Strakstiltak: Holaksen må settast ut igjen

Jon Olav Ørsal Onsdag 25. juni 2014

Frå og med torsdag 26. juni vil det bli pålegg om gjenutsetting av all holaks i vassdraga på Nordmøre, Sør-Trøndelag og i Trondheimsfjorden i Nord-Trøndelag. Dersom midtsesongsevalueringa viser at gytebestandsmålet ikkje blir nådd, blir i tillegg sesongen avkorta med 14 dagar.

– Det er teikn på kraftig svikt i innsiget av laks til Trondheimsfjorden og på Nordmøre. Dette er gjennomgåande for de fleste elvane, og gir grunn til bekymring for om det blir nok gytefisk i elvene. For å sikre ei bærekraftig forvaltning av bestanden, med mål om å produsere et overskot som gir grunnlag for framtidig fiske er det dermed nødvendig med innskrenking i disse områda skriv Miljødirektoratet på sine heimesider. Her på Nordmøre får dette konsekvensar for laksefisket i kommunane  Surnadal, Halsa, Eide, Averøy, Kristiansund, Gjemnes,  Tingvoll, Sunndal og Aure.

 

Publisert: 25. juni 2014, 07:29